Pass på!

No er eg endeleg komen til rette i huset, etter intens antibiotikabehandling. Årsaka til infeksjonen er usikker, men eg trur det kjem etter at eg bada så mykje i havet på Kypros. Vi damer skal være litt forsiktige når det kjem til uvante bakterier når det gjeld underlivet. Det er på ein måte «fritt fram» for ulumskheter når du er i vatn. På Kypros er vatnet i tillegg svært salt, og eg budde omtrent i havet. Snorkla, svømte, kasta ball…ja både på dagen og seint kveldstid i mørket. Fordi eg diggar det. I tillegg bada vi veldig nær ei stor brygge der båtar rasa att og fram for å frakte turistar på ulike aktivitetar. Då eg kom heim starta det først med såkalla herpes under munnen, så fekk eg eit sår under eine tåa som ennå ikkje har grodd, og forrige onsdag infeksjon i egglederen med enorme smerter.

No skal eg ikkje seie sikkert at dette er den fulle sannhet, men legen var overhode ikkje uenig i resonnementet, og spurde meg før eg ymta om dette om eg hadde vore i utlandet nyleg. Det stemte bra. Eg er likevel ikkje skeptisk til å bestille den same turen til neste år, men då kjem eg til å bli flinkare til å skylle meg godt i dusjane som står like ved solsengene. Det var eg dårleg på. Og for det eg veit eller ikke veit, kan eg ha gått med infeksjon i kroppen før eg reiste. Uvisst.

Vel, no skal eg gjennomføre 10 dagar til med antibiotika, så magen skal få kjørt seg litt til…Ikkje det beste for fordøyinga kan du sei..Elles blir det jobbing, barn og ta det med ro. Og sjølvsagt håpe på at «styggheita» forsvinn heilt.

Springerinneklem

Tålmodighetsprøve

Dag 3 Sykehuset Innlandet:
No får eg verkeleg testa den bedregelege tålmodigheita eg eigentleg har. Og eg må nok presse den enno lengre.

Det blir som eit eige samfunn, det å ha kvite frakkar rundt seg, eit lite rom å gå til og sjå ut på byen der du vanlegvis » er fri» som fuglen. Det skyvast sengar i alle retningar med sjuke menneske, både eldre og unge. Utsikten min går rett på sjukehushelikopteret, noko som var i full sving i går. Det kjem stadig inn nokre som skal ta blodtrykk, blodprøver og sette inn antibiotika. Midt på natta får eg besøk med spørsmål om eg har det bra, og om eg treng smertestillande. Og den første natta fekk dei køyrd seg til rommet mitt, då eg svetta ut tre laken, tre dynetrekk og tre putetrekk. Fekk ikkje den beste søvnen då nei. Og ein eventuell søvn for dei også blei sikkert godt opphakka.

Så kva skal ein gjere mellom all ventinga. Dagane blir lett lange når du ikkje er dauesjuk og ligg neddopa i morfin?Vel eg prøver å kvile meg innimellom, ser på TV, løyser kryssord, jobbar litt på macen og går nokre småturar i det «nye samfunnet». Har fått litt besøk, og då går no dagan. Men i går var det ikkje vanskeleg å få kvelden til å gå med tanke på Diamond League. Rart å sitje med ledningar i høgre arm og sjå utøvarane springe på same bana eg gjorde ein gong under det såkalla Golden League for lenge lenge sidan. Og fy flate for ein prestasjon av Karsten. Heilt rått. Trur blodtrykket mitt fauk opp i løpet av dei 46, 92 sekundane:)

Vel, no ventar eg på siste blodprøvene, så får svaret vise kva som skjer vidare. Og det fekk eg nett vite. Ikkje den beste beskjeden, så eg lyt være her til iallfall søndag. Uff….

Springerinneklem

Du køddar ikkje med underlivet

I forgårs på kvelden fekk eg akutte smerter på venstre side av magen. Heile natta var eit reint hel. Ja det var like før eg ringde 113, men klarte å halde meg til fastlege timen så kjapt det lot seg gjere dagen etter. Heldigvis fekk eg kome med eingong. Der blei eg derimot ikkje lenge. Ferda vidare gjekk rett til akutten med påfølgjande undersøkingar frå topp til tå, både utvendig og innvendig.

Eg fekk heldigvis smertestillande mellom all ventetida, men mat og drikke var det ikkje snakk om før dei visste meir. 10 timar etter på, altså igår kveld kom dommen: Betennelse i eine egglederen. Eg slapp operasjon, men har blitt satt på intravenøs antibiotika. Så no ligg eg her då på andre dagen, med min nye venn; kjortelen og «intravenøs stativet».

Eg må beundre sjukehus personellet. Det er klart at det dukkar opp nye fjes titt og ofte, men dei er super snille sjølv kor travle dei. Vi er heldige som bur i Norge.

Som sagt køddar du ikkje med underlivet. Det kan by heftige smerter utan forvarsel.
Springerinneklem

Prosjekt: «Kortreist mat»

Med ein oppvekst prega av poteter, frukt, bær og «eige» pinnekjøtt har eg lenge hatt lyst til å få te noke der eg bur også. Ikkje det at sauer har vore eit alternativ, men noko som kan dyrkast i hagen. Endeleg har eg fått moglegheita då vi har ein stor og flott hage som har fått prøve seg på mitt vesle prosjekt: «Kortreist mat»

Kjekt å sjå at potetplantane vekse…

Noko av det eg opplevde på visning i fjor før vi kjøpte huset var akkurat denne moglegheita til å dyrke noko frå starten av. Eg sette difor i gang i vår med poteter, gulrøter, salat og grasløk. Ja og so prøvde eg meg på brokkoli.
Så har no månadane gått, og eg har vore like spente på å sjå korleis plantene utviklar seg dei gongene eg har vore borte ein periode.

Dei fyrste potetene eg tok opp i for gårs.

Konklusjon per 23. august er flotte poteter, litt salat og nokre små baby gulrøter. Brokkolien og grasløken har eg bomma fullstendig med, og eg trur eg veit årsaka. Det meste handlar jo om kor gode forhold dei får til å utvikle seg. Det fekk ikkje dei to sistnemnde.

Jada, mykje å leve på her:):)

Det har iallfall kome litt «kaninfor» opp og fram.:)

Til neste år har eg funne ut at eg lyte skifte ut jorda og gjødsle meir. Og so har eg lyst å prøve meg på jordbær, då eg har ei jente som elskar desse bæra. Vel, ho likar eigentleg det meste, men får ho jordbær stråler auga.

Springerinneklem

P.S
Mor redda grasløken med å kome med ei full » busk» til blomsterbeddet. Så grasløken er inntakt……:)

Helsing frå vakre Kypros

Eg lovde dokke oppdatering med bilder. No kjem det, ein og ein halv dag før heimreise.

Det klåraste vatnet,- og så heitt

Vi landa midt på dagen forrige fredag og ankom hotellet 1 time etter. Det heiter; Family Life Nausicaa Beach, og har svart til alle forventningar. Her har vi all inclusive, fin leiligheit, heilt nært stranda og havet. Temperaturen er mellom 35 og 40 grader. Kan ikkje bli betre etter mi meining. Iallfall ikkje når du har lengta etter dette i 5 månadar og det er 13 grader heime.

Min fyrste snorkletur med hell:)

Det tek nokre timar å fly, men det er det vel verd. Staden vi kom til er familievennleg ( vi reiser med to på 12 og 15 år, og dei storkosar seg). Maten er heilt fantastisk. Det er nesten vanskeleg å velje kvar ein skal begynne….

For min del er det å dukke under vatn litt skummelt. Det har det eigentleg alltid vore, men så kjøpte gutta snorkleutstyr og med muligheit for å filme under vatn har eg måtta ta sjansen. Og for ein opplevelse. Så klårt vatn, fiskar etc. Heilt nydeleg, og ei ny verd.

Vi har også vore på Sjørøvar cruise, tivoli, Hard Rock Cafe, køyrd sofa og noko anna eg ikkje veit kva det heiter, gått og løpt langs stranda og spelt tennis.

Hard Rock Cafe i Ayia Napa

Sjørøvar cruise

Her kjem litt bilder:

Gutta boys

Kan anbefalast på det heitaste.
Springerinneklem

Sommarkroppen

Sommaren er snart over- dessverre,- men ikkje for alle. For min eigen del skal eg endeleg på ferie. På fredag morgon reiser vi til Kypros. Vi fall pladask for øya i fjor og har no begynt å pakke for ein ny tur. Eg gler meg veldig til ei veke med sol og sommar, og ferie frå tastaturet.

Vakker skue

Men så høyrer eg på radioen i dag at det er svært mange unge som gruar seg til å ta av seg t- skjorta eller gå i bikini på stranda. Ekspertar meiner sosiale mediar har stor påverknad her. Det er eg einig i. Vi veit jo alle kva vi finn der. Halvnakne kroppar som ser trena ut. Ja, som vil vise seg fram.

Eg er snart 40 år og innrømmer etter ei tøff tid med spiseforstyrrelsar for ein del år sidan at det sit i ryggmargen ennå: Å sprade rundt i bikini og ikkje tenkje på at magen er mindre flat enn tidlegare. Eg kan ikkje sei at eg storgler meg til det, men så kan ein heller ikkje sole seg i full outfit. Ein ting at det ser dumt ut, men du blir jo overoppheta i 35 varmegrader og kjem heim like bleik som før du reiste. 

Det er svært synd at så mange unge kvir seg til å vise kroppen sin, men det er eigentleg ikkje så rart slik som dagens samfunn har blitt. Det er kropp overalt. Eg er sjeleglad for den «erfaringa» eg har, og at eg har blitt både mamma og ikkje minst eldre. Eg klarar å «drite» i dei dumme tankane om eigen skrott. Iallfall handlingsmessig. Tankane får no heller berre dukke opp, men dei skal derimot ikkje bestemme.

Min kjære og eg

Som eg har skrive før så har ikkje treninga fått 1 prioritet som før. Familie og jobb har fått den, så sjølvsagt føler eg meg ikkje i tipp topp form når eg skal entre stranda. Men kven bryr seg om det? Kun meg sjølv. På strendene finst det så mange forskjellige kroppsfasongar. Og kven er så interessert i å glane på andre? Svært få. Sånn er det berre.

Vi reiser som sagt fredag og skal bu ganske nær der vi budde i fjor. Det er meldt strålande sol, og heite grader. Det kjem til å bli masse god mat, avslapping, bading og gode samtalar. Vi bestilte ferien tidleg i vår, og har gleda oss i fleire månadar. 

I fjor

Skal ta masse bilder, og kanskje kan eg friste dokke som ikkje har vore der før.  

Springerinneklem

Herleg veke i Nordfjord

Vakre Sandane

I går kom barna og eg att etter 6 dagar på Vestlandet, nærare sagt Sandane ( og ein liten tur innom garden på Blakset utanfor Stryn). Eg grudde meg veldig for å køyre så langt med to turbobarn, men vi overlevde både den eine og den andre vegen ( vel og merke med mange stopp..).

To som er veldig glade i is

Synes vi fekk utnytta dagane svært bra. Barna fekk møte tanter og onklar, seks søskenbarn og fleire tremenningar. Eg fekk meg to fjellturar, der den eine til Eggenipa sat langt inne i det verste partiet. «Heldigvis» var det skodde, så eg slapp å sjå kor stup bratt det var under oss. Eg er ei pingle i høgder. Sidan vi ikkje såg stort, så legg eg ved bilder som verkeleg viser fjellet.

Eggenipa utan skodde….Foto: Visit Norway
Frå toppen….

Her kjem litt fleire bilder frå opphaldet:

Fint med leikeplass i Sandane sentrum.
På ferga Lote-Anda
Etterlengta tur til hytta i Långedalen.
Ingrid som eg er tante til:)
Hytteboka på Långedalen
Syskenbarn Håkon blei raskt ein favoritt for Noah. Iallfall etter denne «turen…» hehe
Noah fann nokre medaljar på pikerommet mitt…
Olina og Erle
Sandane på kveldinga
Mors kjøttkaker
Greitt å chille i sola
Du kjenner at du er i vest når Fjord 1 passerar. Her er Olina ( som eg er tante til) og kidza.

Springerinneklem