Hjertevennleg pai

I går kveld var eg i bursdag til venninna mi Gerd, og ho serverte som vanleg nydeleg mat. Denne retten var ny for oss begge, og den smakte himmelsk. Eg må difor dele den med dokke. I tillegg er den sunn og hjertevennleg.

Alltid like spennande å kome på middag til venninna mi Gerd (65).

Innhold paideig
125 g hvetemel siktet
50 g sammalt hvete fin, regal
50 g margarin, mykt
75 g kesam
2 ss vann

Paifyll
2 stk kyllingfileter
1 ss flytende margarin
1 stk rødløk
1 fedd kvitløk
100g spinatblad
100g fetaost
3 stk egg
3 dl ekstra lettmelk
10 stk cherrytomater
1/2 ts salt
1 ts pepper
Egg
Melk
Soya

Slik gjer du:
-Bland ingrediensene til paideigen i en food processor.Kjevle ut deigen på et melet bakebord, og legg den over i en paiform. Pass på at deigen dekker godt opp langs sidene. 

-Stek paiskallet på 200 °C i 10-15 minutter.

-Skjær kyllingfiletene i biter og løk i båter. Stek kyllingbitene raskt i en stekepanne med litt margarin. Legg de til side.

-Fres løk og hvitløk til den blir blank og myk.

-Ha kylling, løk og frisk spinat over i paiskallet og fordel cherrytomater, oliven og terninger av fetaost oppå.

-Pisk sammen egg, melk, salt og pepper og ha over.

-Stek paien på 200 °C i ca 50 minutter til paien har stivnet.

-Server kyllingpai med frisk salat til.

Frisk salat og kesamdressing ved sidan av.
Oliven, fetaost, spinat, cherrytomater….Mmmm

Anbefaler å teste denne ut. God laurdag vidare:)
Springerinneklem

Ein draum eg ynskjer å friste dokke med…

Hausten er tilbake. Synes ikkje det er lenge sidan sist han var her…Skulle gjerne hatt sommaren litt til ja.. Men, på andre sida av jordkloda, med berre 1 time tidsforskjell frå Norge begynner sommaren for fullt i november og varar til ut mars. Ja, eg snakkar om staden i mitt hjerte, Western Cape, Sør Afrika.

Stellenbosch distriktet og omegn er spesialistar på gode vinar, og vingårdane er storslåtte.

Eg har skrive om dette reisemålet før, men sidan den gamle bloggen min er lagt ned har også innlegga forsvunne. Og i tillegg må eg innrømme at eg ikkje kan få skrive nok om denne vakre staden.

Stellenbosch ligg ca. 45 minutt med bil frå Cape Town. Det er ein passe liten/stor og koseleg by som ligg midt i det beste vindistriktet, som husar fleire tusen studentar, mange idrettsutøvarar og turistar som er glade i god mat, vin, natur og ei avslappa atmosfære.

Mitt fyrste møte var i samband med treningsleir for snart 20 år sidan. Eg var superspent i fleire veker før avreise. Aldri hadde eg flydd så langt av gårde, og Afrika var heilt ukjent på det tidspunktet. Vi bestilte leilighet midt i sentrum med kort veg til friidrettsstadion, løpestiar, basseng og styrkerom. Som student ved sidan av løpinga var ikkje kontoen stappa av peng, så vi budde spartansk, men heilt greitt for vårt behov. Det einaste eg kunne vore foruten var kakkerlakkane som fann vegen overalt. Fysj…:)

Fine grusveger å løpe på. Her blei det køyrt ein del bakkeintervall.

Den første treningsleiren som forøvrig vara i 3 veker blei svært vellykka ( tok NM gull den sommaren), så vi bestemte oss for å reise den komande vinteren også (som enda med NM gull nummer 3). Etter nokre år la eg opp friidrettskarriera, men ikkje Sør Afrika som reisemål. Det har blitt totalt 8 turar til saman, der mine foreldre faktisk har vore med ein gong. Dei likte seg svært godt, sjølv om dei synes flyturen var i det lengste laget.

Mange er litt skeptiske til å reise til Sør Afrika, då dei trur det er kriminelt over alt. Det er det overhode ikkje, men du treng heller ikkje bevege deg i dei distrikta / områda kor det er fattigdom og usikkerheit. Viss du helde deg der turistar bør halde seg kan du legge vekk skepsisen ein gong for alle.

Mange syklister samlar seg i Western Cape. Her syklar venninna mi, Jennie Stenerhag frå Falun. Ho vann forøvrig Birken i år. Ho flytta til Stellenbosch for fleire år sidan.
Med utsikt til Cape Town fra Robben Island.
Cape Town

Eg har nokre tips til dokke som kanskje kjenner på ei dragning til dette vakre landet.
–Flyturen ville eg tatt på natta. Dvs. reise frå Norge på sein ettermiddag, så mellomlander du og tek nattfly direkte frå mellomlandinga og landar i Cape Town på føremiddagen dagen etter. Det tek ca. 12 timar frå London/Amsterdam/Frankfurt.
–Bestill hotell i god tid, då dette er høgsesong. Legg ved nokre tips lenger nede.Min favoritt er River Manor Boutique Hotel. Men dette er også svært bra.
Leig ein guide ein av dei første dagane for å få ein grov oversikt over området. Spør etter Daniel. Han er fantastisk flink og svært service minded.
–Leig bil, og husk at det er venstrekøyring. Dette kan gjerast i Stellenbosch.
–Turar eg anbefaler er: Kapp Det Gode Håp, Table Mountain, Lions Head, forskjellige vingårdar, vinbyen Franschoek, safari i Botlierskop Private Game Reserve, Robben Island og Route 62 med innlagt besøk/overnatting hos den norske vingården Rosendal.

Vinmarker så langt du ser…
Mmmm, nydelege ostar med tilbehør
Utsikt til tabel Mountain tatt på Lions Head.

Send meg gjerne ein mail viss dokke lurar på meir: kriroset@gmail.com

Springerinneklem som lengtar tilbake

Verd å prøve!

Noko av det kjedeligste eg veit er å være svolten, men ikkje ha lyst på mat. Og går du på diverse medikament som i mitt tilfelle har vore ( og er, men i mindre doser) antibiotika kan matlysta forsvinne. Heldigvis er dette over, så no er det full gass att. Prøvde meg på ei fyldig og god kyllingsuppe med thaismak då eg hadde lunsj med venninna mi Gerd for eit par dagar sidan. Den smakte nydeleg.

Bilde fra godt.no

1 ssingefærfersk, finrevet 
3 feddhvitløk 
600 gkyllingfileteller kylling lårfilet 
250 gnudler 
1 stkbrokkoliliten 
4 stykkervårløk 
1 stkrødløk 
2 ssred currypastethai
2.5 dlkyllingbuljong 
4 dlkokosmelk 
2 ssfiskesaus 
2 tssukker 
1 stklime 
koriander 
thai basilikumeller basilikum 
oljetil steking 

Kok nudlene til slutt. Eg gjorde som oppskrifta i utgangspunkt sa: Kok nudlene i begynnelsen og skyll av i kaldt vatn. Det enda med iskalde nudler som ikkje blei varme av suppa til slutt.
Fersk ingefær, kvitløk, rødløk, vårløk, brokkoli + koriander og basilikum.

Slik lager du nudelsuppe med kylling, rød karri og kokos 

1.Finhakk eller riv hvitløken. Skjær kyllingen i strimler eller jevne biter. 

2.Rens og del brokkolien i jevne små buketter. Finsnitt løk og vårløk. 

3.Fres ingefær og hvitløk i en god klunk med olje. La det frese et par minutter under omrøring over middels sterk varme.

4.Tilsett currypaste og fres videre under omrøring i cirka et minutt (tilsett litt mer olje hvis nødvendig). 

5.Ha i kyllingen og fres videre i et par minutter. 

6.Hell i kraft og kokosmelk. Kok opp og la det syde (ikke boblekoke) i cirka 5 minutter, eller til kyllingen er nesten gjennomkokt. 

7.Tilsett brokkolien og la det syde videre i to små minutter. Smak til suppen med fiskesaus, sukker og limesaft. 

8. Kok nudlene som beskrevet på pakken.

9.Fordel nudlene i suppeskåler. Hell over suppe (pass på å fordele kylling og brokkoli) og dryss over vårløk, rødløk og urter. 

I dag har eg foresten vore på mi første styrketrening på lenge. Det gjorde godt for kropp og sjel og deilig å kjenne at ikkje dei resterande musklene har daua heilt. Så snart pillekuren er over er det klart for løping. No er eg endeleg motivert, og det skal eg utnytte. 1 år sidan sist eg kjende meg skikkeleg ready til å kome meg ut i løpeskoa. Blir nok styggtungt, men ein stad må ein begynne.
Ha ein fin torsdag vidare!

Springerinneklem

Pass på!

No er eg endeleg komen til rette i huset, etter intens antibiotikabehandling. Årsaka til infeksjonen er usikker, men eg trur det kjem etter at eg bada så mykje i havet på Kypros. Vi damer skal være litt forsiktige når det kjem til uvante bakterier når det gjeld underlivet. Det er på ein måte «fritt fram» for ulumskheter når du er i vatn. På Kypros er vatnet i tillegg svært salt, og eg budde omtrent i havet. Snorkla, svømte, kasta ball…ja både på dagen og seint kveldstid i mørket. Fordi eg diggar det. I tillegg bada vi veldig nær ei stor brygge der båtar rasa att og fram for å frakte turistar på ulike aktivitetar. Då eg kom heim starta det først med såkalla herpes under munnen, så fekk eg eit sår under eine tåa som ennå ikkje har grodd, og forrige onsdag infeksjon i egglederen med enorme smerter.

No skal eg ikkje seie sikkert at dette er den fulle sannhet, men legen var overhode ikkje uenig i resonnementet, og spurde meg før eg ymta om dette om eg hadde vore i utlandet nyleg. Det stemte bra. Eg er likevel ikkje skeptisk til å bestille den same turen til neste år, men då kjem eg til å bli flinkare til å skylle meg godt i dusjane som står like ved solsengene. Det var eg dårleg på. Og for det eg veit eller ikke veit, kan eg ha gått med infeksjon i kroppen før eg reiste. Uvisst.

Vel, no skal eg gjennomføre 10 dagar til med antibiotika, så magen skal få kjørt seg litt til…Ikkje det beste for fordøyinga kan du sei..Elles blir det jobbing, barn og ta det med ro. Og sjølvsagt håpe på at «styggheita» forsvinn heilt.

Springerinneklem

Tålmodighetsprøve

Dag 3 Sykehuset Innlandet:
No får eg verkeleg testa den bedregelege tålmodigheita eg eigentleg har. Og eg må nok presse den enno lengre.

Det blir som eit eige samfunn, det å ha kvite frakkar rundt seg, eit lite rom å gå til og sjå ut på byen der du vanlegvis » er fri» som fuglen. Det skyvast sengar i alle retningar med sjuke menneske, både eldre og unge. Utsikten min går rett på sjukehushelikopteret, noko som var i full sving i går. Det kjem stadig inn nokre som skal ta blodtrykk, blodprøver og sette inn antibiotika. Midt på natta får eg besøk med spørsmål om eg har det bra, og om eg treng smertestillande. Og den første natta fekk dei køyrd seg til rommet mitt, då eg svetta ut tre laken, tre dynetrekk og tre putetrekk. Fekk ikkje den beste søvnen då nei. Og ein eventuell søvn for dei også blei sikkert godt opphakka.

Så kva skal ein gjere mellom all ventinga. Dagane blir lett lange når du ikkje er dauesjuk og ligg neddopa i morfin?Vel eg prøver å kvile meg innimellom, ser på TV, løyser kryssord, jobbar litt på macen og går nokre småturar i det «nye samfunnet». Har fått litt besøk, og då går no dagan. Men i går var det ikkje vanskeleg å få kvelden til å gå med tanke på Diamond League. Rart å sitje med ledningar i høgre arm og sjå utøvarane springe på same bana eg gjorde ein gong under det såkalla Golden League for lenge lenge sidan. Og fy flate for ein prestasjon av Karsten. Heilt rått. Trur blodtrykket mitt fauk opp i løpet av dei 46, 92 sekundane:)

Vel, no ventar eg på siste blodprøvene, så får svaret vise kva som skjer vidare. Og det fekk eg nett vite. Ikkje den beste beskjeden, så eg lyt være her til iallfall søndag. Uff….

Springerinneklem

Du køddar ikkje med underlivet

I forgårs på kvelden fekk eg akutte smerter på venstre side av magen. Heile natta var eit reint hel. Ja det var like før eg ringde 113, men klarte å halde meg til fastlege timen så kjapt det lot seg gjere dagen etter. Heldigvis fekk eg kome med eingong. Der blei eg derimot ikkje lenge. Ferda vidare gjekk rett til akutten med påfølgjande undersøkingar frå topp til tå, både utvendig og innvendig.

Eg fekk heldigvis smertestillande mellom all ventetida, men mat og drikke var det ikkje snakk om før dei visste meir. 10 timar etter på, altså igår kveld kom dommen: Betennelse i eine egglederen. Eg slapp operasjon, men har blitt satt på intravenøs antibiotika. Så no ligg eg her då på andre dagen, med min nye venn; kjortelen og «intravenøs stativet».

Eg må beundre sjukehus personellet. Det er klart at det dukkar opp nye fjes titt og ofte, men dei er super snille sjølv kor travle dei. Vi er heldige som bur i Norge.

Som sagt køddar du ikkje med underlivet. Det kan by heftige smerter utan forvarsel.
Springerinneklem

Prosjekt: «Kortreist mat»

Med ein oppvekst prega av poteter, frukt, bær og «eige» pinnekjøtt har eg lenge hatt lyst til å få te noke der eg bur også. Ikkje det at sauer har vore eit alternativ, men noko som kan dyrkast i hagen. Endeleg har eg fått moglegheita då vi har ein stor og flott hage som har fått prøve seg på mitt vesle prosjekt: «Kortreist mat»

Kjekt å sjå at potetplantane vekse…

Noko av det eg opplevde på visning i fjor før vi kjøpte huset var akkurat denne moglegheita til å dyrke noko frå starten av. Eg sette difor i gang i vår med poteter, gulrøter, salat og grasløk. Ja og so prøvde eg meg på brokkoli.
Så har no månadane gått, og eg har vore like spente på å sjå korleis plantene utviklar seg dei gongene eg har vore borte ein periode.

Dei fyrste potetene eg tok opp i for gårs.

Konklusjon per 23. august er flotte poteter, litt salat og nokre små baby gulrøter. Brokkolien og grasløken har eg bomma fullstendig med, og eg trur eg veit årsaka. Det meste handlar jo om kor gode forhold dei får til å utvikle seg. Det fekk ikkje dei to sistnemnde.

Jada, mykje å leve på her:):)

Det har iallfall kome litt «kaninfor» opp og fram.:)

Til neste år har eg funne ut at eg lyte skifte ut jorda og gjødsle meir. Og so har eg lyst å prøve meg på jordbær, då eg har ei jente som elskar desse bæra. Vel, ho likar eigentleg det meste, men får ho jordbær stråler auga.

Springerinneklem

P.S
Mor redda grasløken med å kome med ei full » busk» til blomsterbeddet. Så grasløken er inntakt……:)