«–Å sjå trent ut, betyr ikkje at du er trent»!

Eg hugsar det godt. Fekk så mange kommentarar på kor fit eg såg ut.

–Blodårene dine struttar, Kristin. 
–Sjekk den bicepsen og tricepsen då. Kva er det du gjer for å bli så fit?  
– Fy flate, den vil eg ha også…..

Uff, ikkje den beste «medisinen» å høyre når psyken er heilt koko. Desse kommentarane «smaka godt» for spiseforstyrringa, men for den ekte Kristin var det slett ikkje bra……

Og kva var det eg klarte i styrkerommet med desse struttande blodårene?

Svært lite…..Joda eg gjorde det eg kunne, men samanlikna med slik eg er i dag ( 15 kg tyngre) så løftar eg x- antal gongar meir enn då eg knapt åt. Ja, hadde ei økt på torsdag kor eg løfta 50kg i benken x 15 gongar…..Og det med ein sunn kropp som et det den vil, og som får næring.

Eg hugsa med gru alle desse kommentarane over kor trena eg såg ut då eg heldt på som verst. Når eg tenkjer på det i dag får eg ein dårleg følelse, men korleis i all verda er ikkje kroppspresset i dag. Det er heilt vanvittig. Jenter og gutar langt ned i 12-13 års alder blir påverka. Hadde eg sjølv vore 12 år hadde eg aldri tenkt på dette, men i dag er det så annleis. Det er eit heilt anna samfunn. Eit heilt anna press – i alle endar.

Sjølv kjenner eg på dagens press. Ikkje mest for meg sjølv, men for barna mine. Eg tenkjer med gru på kva som ventar. Heldigvis er det ei god stund til det vil vise seg….Og i løpet av den tida er det mi oppgåve og gjere dei så sterke som mogleg. At dei to små skal være sterke nok til å stå i mot det forbaska presset i alle kantar.

Springerinneklem

Velkommen til bloggen min

Sidan Springerinne.blogg.no ikkje er å oppdrive lenger då blogg.no avslutta kapitelet i april, har eg valgt å lage meg ein ny. Har altfor stor skrivekløe til å ikkje kunne formidle treningstips, personlege meiningar, bilete med meir.

Om meg:
Eg er ei snart 40 år gamal dame som har bakgrunn som friidrettsutøver på nokolunde høgt nivå (3 NM gull på 800meter, Nordisk mester 800meter, deltok i Europamesterskapet for senior på 1500meter), men dette er lenge sidan, og i dag er kvardagen ein heilt anna.

Den består seg i å være mamma til Erle (2 år) og Noah (4,5 år), sambuer med Oddvar, redaktør for Magasina Friidrett og SKIsport i tillegg til å skrive faste treningssaker for Dagbladet. Har også skrive to bøker; MotbakkeMoro (-08) og Spring for livet (-16). Er opprinneleg frå Sandane i Nordfjord ( difor nynorsk), men bur på Lillehammer. Ein by eg stortrivast i.

Mine interesser:
I dag trenar eg når eg har tid og lyst, og då går det aller helst i springing, styrke, ski og sykling. Etter at eg blei mamma har det derimot gått litt opp og ned med treningsmotivasjonen, men eg prøver å halde meg i nokolunde form. Kompetansen innan trening og idrett er derimot ikkje borte. Elles er eg svært glad i reise, ete god mat, være med venner og sjølvsagt tilbringe tid med familien.

Nettstaden vil innehalde diverse. Det betyr mine meiningar rundt dagens kroppspress, om kvardagen generelt, nokre treningstips ( sunne vel og merke) og litt anna snacks.:)

Eg håpar du vil følgje meg, og gje meg gjerne tips til kva du vil lese om ved å sende mail til kriroset@gmail.com.


Mine to i fjor sommar.


Springing er utruleg kjekt når du er i form, og ein ypperleg treningsform for å kome i form. Bilde er teke på Mosodden, Lillehammer i fjor. Eg er dessverre ikkje i så god form i dag, men satsar på at motivasjonen kjem når sola begynner å varme.