Den vanskelige balansegangen

Noen tanker etter den siste ukas skriverier om vekt og toppidrett (på bokmål).

Toppidretten er brutal på mange vis. Det er knallharde treningsøkter, og prioriteringer. Det er press fra omgivelsene, og ikke minst fra seg selv. Det er tanker om egen kropp, kosthold og vekt. Alt for å oppnå den store drømmen om å bli best. Om å komme først over målstreken, stå øverst på pallen og få oppleve nasjonalsangen.

Vinteridrett i Norge er som fotball i utlandet. Media, og nasjonen står på hode for å få med seg de ferskeste nyhetene. I det siste har vekt og toppidrett vært de store temaene der TV reportere og avisjournalister har stått i kø med spørsmål. Som redaktør av SKIsport og (Friidrett), og med egne erfaringer, har jeg noen ord på hjertet når det gjelder sistnevnte tema.

«Frisk nok til gull»

Det er uten tvil bra at vekt og prestasjon blir tatt opp, og snakket om. Vi lever tross alt i et samfunn der akkurat dette er blitt en stor del av hverdagen, både for oss vanlige og for de som har kroppen sin som arbeidsverktøy. Med andre ord toppidrettsutøverne. De som er i verdenstoppen, og har forventninger fra alle kanter.

Jeg har selv vært toppidrettsutøver, og kjent på hva som skal til for å bli god. Det endte både bra og dårlig. En kommentar og en opplevelse av å ikke strekke til verken vektmessig eller prestasjonsmessig fikk meg til å spise mindre og trene mer. På denne tiden var dette temaet langt mer tabu enn i dag, og det hele endte med en skrapa kropp som ikke hadde energi. Jeg var likevel så innstilt på å bli best, at jeg fikk på meg akkurat de kiloene som var nødvendige for å prestere. Jeg kaller de årene: «Frisk nok til gull». Men fokuset på kropp og vekt slapp aldri taket, og jeg utviklet benskjørhet. Det satte en stopper for toppidretten. Kroppen var nedkjørt og jeg slet med spiseforstyrrelser i 13 år.

Sjuk og beinskjør

I dag er støtteapparatet mye mer kunnskapsrikt enn før, – heldigvis. De beste har flere i ryggen som kan hjelpe og veilede. Eller «regulere» som vi hørt flere ganger. Dette gjelder dessverre ikke de unge som er på vei opp. De kan ikke bare ringe ernæringsfysiologen eller psykiateren i Olympiatoppen. De ser for seg sine forbilder som lever på en knivsegg. En balansegang der kroppen har lav bmi, og er på grensen til at helseattesten ikke er blir godkjent. 

Vi vil nok aldri komme utenom at en «regulert» kroppssammensetning i toppidretten er avgjørende for å nå toppen, men vi må tenke på de som er på vei opp. De som er 15-16 år og som studerer hver enkelt bevegelse og kroppsdel av skistjernene våre. Idretts-Norge må bruke ennå mer ressurser på å bygge opp lokale støtteapparat med kunnskap om akkurat kosthold, vekt, prestasjon og tanker, – slik at vi ikke mister ungdommene våre på veien. Vi er alle ulike, med forskjellige kroppssammensetninger og det er viktig for en ung utøver å vite. Det er langt fra alle som kan sammenligne seg med de tynneste idrettskroppene, men de kan få gode råd til å få ut det beste av sin egen kroppssammensetning og behov.

Mitt beste løp på 800 meter i Drammen 2001. Det endte med mitt 3 NM gull.

Toppidrett byr på en utfordrende balansegang, men det betyr ikke at det skal kompliseres for mye. Helsa er tross alt det viktigste opp i alt, og får ikke kroppen nok og riktig mat vil det til slutt stoppe helt opp. 

Noen linker til siste dagers mediaoppslag:
Dagbladet
VG
NRK
TV2
VG

I dag er jeg glad for å slippe tanker om hva jeg skal putte i munnen eller ikke. Det er en befrielse med tanke på hvordan livet som toppidrettsutøver var. Likevel, selv med mange «arr» i minnet angrer jeg ikke på de gode årene jeg fikk på løpebanen. Jeg skulle bare ønske at det var mer åpenhet og kunnskap rundt kropp og helse på den tiden.

Springerinneklem

Musikalsk opplevelse

Forrige fredag reiste min kjære og eg til Hamar for å høyre god musikk. Eg visste ikkje kva eg gjekk til, men med tanke på at Kaizers har vore ein stor favoritt var eg ganske sikker på at «JanOve» skulle leve opp til forventningane. Og eg kan ikkje sei noko anna enn at det gjorde han med sitt «Spindelvevriff». Nydeleg musikk, tekstar og show. Eg fall veldig for songen Scenario. Anbefalast å oppleve på det sterkaste. Nedanfor ser dokke resten av turneen.

Berre eit lite tips på ein onsdag!

Springerinneklem

Så var dei 30 over….

I går gjekk livet mitt inn i ei ny tidsepoke, eller eit nytt tiår er vel meir rett å sei. Eg er ikkje lenger i 30 åra, men komen inn i den velkjende 40 års krisa.

Fekk eit morsomt kort av mor til dagen, der det står beskrive kva som skjedde i 1979, 1999, 2009 med inn limerick til slutt. Artig.

Dei siste 10 åra har vore heilt vanvittige etter mi meining. Det har skjedd ufattelig mykje, og det største er sjølvsagt då eg blei så frisk at eg fekk moglegheita til å bli mamma. At Noah og Erle kom i ein alder av 35 og 37 år. Ingenting kan toppe det.

Feiringa får vente til helga då det er barnefri. Eg har invitert gode venninner til selskap, og gler meg veldig til å møte dei til skravling og heimelaga tapas. Nokre av dei er år og dag sidan sist, så det skal bli ein fornøyelse.

I dag har eg løpt ein herleg tur ute i det fine oktoberværet. Synes for å være ærleg det er godt å sleppe snøen ennå. Det betyr mindre kle på alle mann, unngå å tryne på glatta, snøskuffa får kvile litt til og ein kan løpe på haustlauvet.

Nydelege haustfargar
Slepp akkurat dette….:)
Vakkert på Lillehammer for tida.

Ha ein fin onsdag vidare!
Springerinneklem

Gratulerar nydelege guten min

Tenk at du er blitt fem år. Tida har gått fort, og neste år er du allereie skulegut. Det er nesten ikkje til å tru. Gratulerar med dagen Noah.

Noah 5 år


Eg gløymer aldri den dagen du kom til verda;- 18.oktober 2014. Det var ein tøff fødsel, der mykje kunne gått gale. Heldigvis bur vi her vi bur, og alt gjekk fint til slutt. Takk og pris. Du er ein aktiv, energisk, følsom og litt «rampete» innimellom. Slik som ein 5 åring skal være. Du er ein veldig snill storebror til Erle. Ho ser opp til deg, og til din frustrasjon av og til, hermer ho etter det meste du både seier og gjer.

Sykling er ein av favorittane dine. Spørs om det blir ny og større sykkel til våren.
Og mamma synes sjølvsagt at det er kjekt å sjå deg på friidrettsbana.
Nokre turar heim til Vestlandet har det blitt. Hugsar du var 5 veker då vi køyrde åleine saman over fjellet.
Vi har hatt mange små utflukter, blant anna mating av ender. Dette er du ikkje så glad i, men litt nysgjerrig likevel.
Du passar på veslesysta di. Det er kjekt å sjå.

Du likar å sykle, gå på ski, sparke fotball, springe, teikne og så er du ein skikkeleg danseløve når mor set på musikk. Den eigenskapen såg eg ganske så tidleg. Kanskje du skal slå deg på noko heilt anna enn mamma, nemleg dans. Vel, dette skal du få velge sjølv. Mamma elskar deg og ynskjer deg det aller beste for dagen.

Neste år er du skulegut. Tenk det….

Stor gratulasjonsklem

Om livet som journalist: Utfordringar, utvikling, ansvar og relasjonar

Eg har jobba som journalist sidan 2004. Det begynner å bli nokre år med notatblokka, bak fotoapparatet og tastaturet, mange samtalar i telefon, mail att og fram, fleire turar i bil og fly. Ikkje på langt nær så mange som andre eg kjenner i same bransje, men åra har no gått og det same har kjennskapen til yrket. Og etter 15 år kan eg sei at eg ikkje har angra ein dag på valet.

Dei siste fem åra har eg jobba som sjølvstendig næringsdrivande journalist, altså gjennom mitt eige føretak. Det skjedde då eg flytta til Lillehammer, og var ukjend i byen. Men eg hadde opparbeidd meg eit bra nettverk, og tok sjansen på å starte for meg sjølv. Ikkje det enklaste i byrjinga, men det balla fort på seg med oppdrag og i dag kan eg vel ikkje sei meir enn at eg har klart å finne draumejobbane: Ansvarleg redaktør for to sportsmagasin og treningsjournalist for Dagbladet.

Slik leverer eg ei sak: I word dokument, men må alltid ha eit bilde i hovudet om korleis sluttresultatet ser ut grafisk…
Slik blei dei to første sidene av word dokumentet oppe til slutt….

Journalistbransjen er tøff. Det er mange om beinet, og jobbane der ute i dag krev at du er dyktig på mange fleire plattformer enn det eg lærte som student på si tid. Det er ikkje nok å berre kunne skrive og ta bilete; no kjem du mykje lenger ved å kunne filme, bruke sosiale mediar for det det er verd med meir. Du bør også kunne dekke fleire sjangrar, og sjølvsagt må du være utadvent, villig til å lære nye ting og aller helst klare å ta mest mogleg på sparket.

Tenkte eg skulle skrive litt om min arbeidskvardag og korleis det er å jobbe som redaktør for to magasin gjennom Media Digital AS. SKIsport har 6 utgåver per år. Sidetalet per utgåve er 84. Friidrett, som er det andre magasinet har 4 utgåver og 54 sider per blad. Det betyr at eg har ansvaret for 10 utgåver med til saman 728 sider. I tillegg skal det oppdaterast på nettet. 

I eit magasin er annonser ein viktig del med tanke på økonomien til bladet, så alle sidene eg no har talt opp gjeld også annonser som eigne seljarar har ansvaret for.

Og akkurat dette med annonser var noko nytt då eg for første gong fekk ei redaktør rolle. Den gong i Magasinet Birken. Dette var januar 2008, og eg fekk ansvar for 8 utgåver i året der det på det meste låg på godt over 1000 sider per år. Då gjekk annonsesalet som ein vind, men eg blei ganske så paff då eg skulle setje meg inn i salg og den verda. Det tok ei stund før eg skjønte greia, for eg trudde jo berre at eg skulle intervjue og skrive. Den gang ei;- eg måtte sette av plass til x-antal annonser, og det var viktig at eg fekk kjennskap til dei ulike annonsørane. Heldigvis møtte eg gode kollegaer på den tida som hadde jobba i bransjen lenge, og gjorde meg etterkvart trygg på arbeidsoppgåvene.

Siste utgåve av Friidrett. Lykke til i VM Karsten og alle dokke andre flotte friidrettsutøvarar. Les meir HER frå VM som startar i morgon.

Å være redaktør for eit magasin betyr ikkje at du skal, eller kan skrive eit heilt blad åleine. Det blir for det første umogleg å rekke over, og magasinet vil bli prega av ein einaste «penn». Du vil heller aldri klare å få med mangfaldet på eiga hand. Difor er det å finne gode skribentar som kan dekke ulike saker viktig. Dette var også nytt for meg i starten, men etterkvart som tida gjekk opparbeida eg meg fleire og fleire dyktige menneske som brann for å skrive og ikkje minst var interesserte i idrett og trening. Eg kan med handa på hjertet seie at eg aldri hadde klart å levere magasin på magasin utan hjelp. Så takk til dokke kjære skribentar som er trufaste til SKIsport og Friidrett.

Ein anna viktig del av det å ha ansvaret er å halde ein god og tett dialog med desken, altså dei som lagar sidene heilt ferdig ( grafisk). Eg leverer sakene i word dokument med bilete og tilhøyrande tekst, så det ser alltid annleis ut når dei er ferdiglaga. Eg har aldri prøvd meg som grafikar, men har sjølvsagt tankar rundt det eg ynskjer skal visast/ kome fram. Og eg synes det alltid er like spennande å sjå korleis dei har løyst materiellet eg har levert frå meg. 

Å være journalist er ikkje berre glamour då du møter forskjellige situasjonar og menneske der ute. Og det er litt viktig å tenkje på for deg som ynskjer å «vie arbeidslivet» ditt til denne bransjen. Du kan møte dei hyggelegaste menneska, men også dei som er «langt nede», som ikkje ynskjer at nokon står og masar på deg, og dei som takkar nei utan å seie kvifor. Å være journalist krev mange fleire eigenskapar enn å berre kunne skrive, ta bilder, filme, informere osv. Det krev god kommunikasjonsevne, audmjukheit, evna til å lytte og ikkje minst være førebudd på det du skal dekke.


Lykke til. Eg angrar ikkje ein dag på valet av yrke.

Springerinneklem

Er i gang…

Etter 1 år med lite trening ( samanlikna med før) har eg no endeleg fått tilbake motivasjonen. Og den kjende eg kom på sjukehuset etter fem dagar i total ro i slutten av august. Det kribla i kroppen då eg blei skriven ut, og så snart eg fekk lov sette eg i gang.

Når eg ikkje er utandørs, trenar eg HER og stortrivast. Treningsstudio på Spenst Arena er stort, opent, har 50-60 meters løpebane med tartan, stort crossfit område, woodway tredemøller, Padel og sjølvsagt vekter og apparat i alle endar. Det eg kanskje likar best, og som eg trur kjem til å bli ein del brukt i vinter er tartandekket. Fin måte å halde ved like steget på når snøen ligg tettpakka utandørs ( og det blir nok ikkje så altfor lenge til).

Litt av studioet. Her køyrte venninna mi og eg Tabata.

Å begynne nesten på scratch igjen er aldri morsomt, men klarar ein å halde fram med jamn trening 3-4 gongar i veka kjem det seg raskt. Eg merkar berre forskjell på to veker. Har så smått starta med intervall, og eg må innrømme at det er passe travelt, men etter mi meining er det den beste «medisinen» for å kome seg raskare i form. I dag køyrde eg fleire to minuttarar, med 45 s aktiv pause. Etterpå blei det styrketrening. I tillegg brukar eg å køyre 5-6 x 60 meter sprint drag, og vil nok auke antallet etterkvart.

Målet er ikkje å springe 5 km under 20 minutt, ei heller løfte 70 kilo i benken, men eg ynskjer å bli så pass i form at eg kan gå lange fine turar på ski i vinter utan å bli kvelt av dårleg kondis, og kunne løpe lengre turar utan å måtte gå i alle bakkane. Berre det å kjenne at formen er stigande, og trivselen med seg sjølv deretter.

Har funne skoa eg diggar. Hoka Rincon heiter dei.
Demping 26/21/5mm dropp. Vekt 179g. Les meir HER

Så til alle dokke som er litt keie om dagen, og ikkje kjem dokke på trening. Start forsiktig. Ikkje «gønn» på med lange harde økter i starten. Kjenn på gleda med å kome seg i aktivitet, og tren gjerne med ei venninne/kamerat/partner. Alt er betre enn ingenting.

Springerinneklem

Eg hugsar…

For ganske så nøyaktig 9 år sidan fekk eg behandling for spiseforstyrrelser. Eg kom til ei dame som gjekk «rett heim» i hjertet og sinnet mitt, og etter den dagen snudde livet seg til det betre. Mykje betre.

Eg hugsar eit spørsmål eg fekk ganske så tidleg, og som eg sjølvsagt hadde vore innpå med tanken, men som eg også slo i frå meg, – var dette med barn. Det å bli mamma. Eg visste ikkje heilt kva eg skulle svare, for på det tidspunktet var det umulig å bli nettopp det. Mensen hadde vore borte i over 10 år, og på det tidspunktet var det lite håp om å få den tilbake. Eg svarte at dette er vel ikkje det eg tenkjer mest på akkurat no, men på same tid gnager det inst inne.

Så gjekk tida, og vi prata ikkje så mykje meir om denne situasjonen. Eg fulgte planen vi la opp saman, og blei med tida betre og betre.

Så skjedde det som eg både frykta, men som eg også ville oppnå;-at mensen kom tilbake. Det var tøft mentalt messig, men på andre sida var eg klar for det. Etter at dette skjedde endra mykje seg hormonelt, og eg blei meir og meir klar over at eg var over dei 3o og ikkje ville leve eit liv utan barn. Det skulle likevel ta nokre år før det underet gjekk i oppfylling.

Eg var 35 år då Noah kom, og 37 når Erle kom, og eg kan ikkje sei noko anna enn at det er det STØRSTE som har skjedd nokon gong. Gode resultat på løpebana, gode jobbar og ellers fine livsopplevingar kjem i skuggen av det å bli mamma. Det er det mest vanvittige som finnast. Å sjå at to småtroll som liknar på deg sjølv (på godt og vondt) er ikkje til å kunne skildre godt nok.

No er mine to augesteinar blitt snart 3 år (24/12) og 5 år (18/10), og eg kan vel ikkje sei anna enn at desse åra har gått steinfort. Sjølvsagt er det ikkje kvar dag som er like enkel når begge snur vrangsida til, men mesteparten av tida er det fantastisk å være mamma. No er det fire dagar sidan eg såg dei, og sjølv om eg veit at dei har det supert med pappa og halvsøsken, saknar eg dei skikkeleg. Eg lyt difor reise litt tidlegare for å hente dei heim i dag:)

Helsing ei som er evig takknemlig for å være mamma.

Springerinneklem