Sosiale media: På godt og vondt

Sosiale media har auka DRASTISK. Du treng ikkje lese forskningstal for å få beviset. Det er berre å smugtitte på sidemannen på toget/bussen/trikken/legekøen, uteplassen etc. Dei fleste klikkar og skriv eit eller anna på face, insta eller snap. Det er daglegdags prosedyre, og vi kan berre gå inn i oss sjølve og tenkje på kor ofte vi er på sosiale mediar i løpet av ein dag. Det er fleire timar….

På same tid som at bruken av sosiale mediar aukar i alle aldrar, er også psykiske sjukdomar noko som ikkje blir mindre av. Så er spørsmålet: Kor negativt kan sosiale mediar påverke eit menneske som slit frå før. Eller som har begynt å slite pga. inntrykka frå alle desse nettstadane/ appane/ sidene? Det er det truleg ikkje tall på (ennå), men eg er temmeleg sikker på at det er mange som iallfall ikkje blir betre av å sluke det som kan påverke ein negativt, eller «trigge» for å bruke eit meir brukt ord i dag.

For det er ofte slik at vi menneske søker det som ein drøymer om å oppnå, men som på andre sida gjer deg sjukare opp i hovudet. Mange ynskjer å sjå ut som den spreke dama som trenar kvar dag og et fisk og kyllingfilet opp og ned i mente. Andre vil gjerne shoppe alt det fine som vert reklamert for i hytt og pine, men som likevel ikkje har dei pengane som trengs for å handle på den aktuelle nettstaden osv…..andre igjen søker informasjon om ditt og datt og endar opp med å føle seg elendig. Dette er det negative med sosiale mediar då alt er så tilgjengeleg. Det er jo berre eit tastetrykk, og so er du der, og har du satt på varsel, får du det opp om du vil eller ei.

Så korleis sile ut det negative som gjer deg ennå meir deprimert eller sår?

For det første: Slutt å følge dei sidene/personane som gir deg dårleg sjølvkjensle. 

For det andre: Husk at samfunnet i dag bær preg av mykje «fake». Du kan retusjere bilder, du kan operere og fikse og fakse på utsjånaden med meir.

For det tredje: Mange som lever av sosiale mediar blir sponsa av både det eine og det andre, og betaler slett ikkje for alt dei formidlar.

For det fjerde: Prøv å bli glad i deg sjølv, og gje blanke i alt som ser så rosenrødt ut. Dei fleste har sitt å slite med.

MEN, så kan også sosiale media være positive. Det er nemleg meir rom for å vise den ein sjølv er, – på godt og vondt. I dag tør vi meir enn nokon gong og opne oss, og fortelje kven vi er, og kva som kan være tøft i kvardagen. Og nettopp det synes eg er bra. Ja, det er svært viktig i denne sosiale verda vi lever i. Og sjølv brukar eg Facebook mykje. Til jobb for å få kontakt med folk, og for å dele artiklar og familiære gleder. Det synes eg er gull med Facebook, og Instagram for den del. Det handlar til sjuande og sist om å bruke dei sosiale kanalane til noko positivt.

Vi har alle eit valg: Oss sjølve privat, unge og voksne, foreldre etc. Vi kan velgje kva vi ynskjer å bli påverka av. Det er jo berre å klikke på «følger», «slutt å følge», eller «blokker»…Det er opp til kvar enkelt, men mitt råd er å velgje med omhu: Velg det som gjev deg positiv energi, og god sjølvkjensle.

Nokre tankar på ein fredagsettermiddag.

Springerinneklem

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s