To veker ut i det nye året

Det er 10. januar, snart 2 veker ut i det nye året. Eit nytt tiår, med påfølgjande nye ynskjer om ein betre livsstil. Eller ikkje? 

Det å ha nyttårsforsett er eigentleg ein fin ting sjølv om eg sjeldan har tenkt på det på den måten. Eg ynskjer heller å leve stabilt, og «innafor» mine ynskjer heile året. Likevel skal ein ikkje kimse av kvart enkelt ynskje og motivasjon. For vi er ulike,- alle menn og kvinner.

Eg hugsar då eg sleit med bulimi. Minner frå nettopp nyttårsforsett. Når eit nytt år kom bestemte eg meg for at no skulle det skje. No skulle eg slutte å ty til doskåla. No skulle det bli slutt på styggedomen, og avhengigheita. Det gjekk bra ei stund. Ja nokre veker, men so small det. Eg braut min eigen lovnad og spydde so det stod etter i min fiende; doskåla. Eg kjende meg som eit udyr, eit fortapt monster og ei svak dame. Eg var skamfull, og det hjalp lite for vidare motivasjon. 

Dagane gjekk, og eg kjempa som rakkarane for å stå i mot overeting og den fordømte doskåla. Eg hadde høyrt og hadde dagleg i tankane, at du kan reise deg opp neste dag. Stå opp med ein ny guts og kjøre på derifrå. Men når du først har fallt gjennom er det knallhardt å gå vidare som at ingenting har skjedd. Det er drit tøft.

Eg veit om mange som slit med akkurat denne utfordringa, altså bulimi. Men eg veit også at det er mange der ute som har laga sine eigne «forsett» for det nye året. At ein skal trene meir, ete sunnare, drikke mindre, være meir tilstades for familien, jobbe mindre eller jobbe meir etc…det finnast eit utal av nyttårsforsett.

Men korleis skal ein angripe situasjonen når ein bommar? Når ein går på ein smell ein ikkje hadde planlagt? Det første eg tenkjer då er å tilbake til «lovnadane» du ga seg sjølv. Var dei for store, for «hårete»? Er det dette forsett som du trur du kan halde over lengre tid? Kva vil det sei for deg personleg å gjennomføre dei nye «lovnadane»? Kva gjer du om du eit par tre gonger» sprekk» og ikkje får det til? Kva er løysinga då?

Eg kan berre snakke for meg sjølv og eg minnast svært godt då eg sleit med bulimi. Eg gjekk på smell på smell, men eg fann ut at det beste var å ta dag for dag. Ikkje månad for månad. Ikkje veke for veke. Det enda til slutt med ein mestringsfølelse der og då av å klare å nettopp mestre dag for dag. Det var det som skulle til: Å ikkje sjå så langt fram, men ta dei små stega og være bevisst på dei. 

Som sagt er nyttårsforsett heilt individuelt, men det er likevel viktig å vite at ein ikkje skal la seg knekke om ein får ein «sprekk» eller to. Det er ikkje verdas undergang. Det kjem ein ny dag og ei ny veke. Tru meg!

Springerinneklem

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s