Kunstig vekt

Då eg var 17 1/2 år vann eg mitt første NM for Junior på 400 meter. Ein distanse som krev eksplosive musklar. Ein muskulatur som eg var fødd med. Ja, eg huskar mamma har sagt at lårmusklane mine viste seg fram allereie på stellebordet….

Så begynte faenskapen fire månadar etter NM gullet. Eg var nyleg fylt 18 år og såg føre meg ei stor friidrettskarriere. MEN…eg begynte å tukle med maten. Vekta raste ned, og dei eksplosive musklane forsvann litt etter litt. Til slutt var det berre ein spinkel skapning att som ikkje klarte å prestere. Eg hadde oppnådd ei kunstig vekt. Ei vekt som ikkje passa min kropp, og som gjorde meg dårlegare; både på friidrettsbana og i kvardagen.

Stafettlaget på NM Byrkjelo. Eg heilt til høgre; – før eg blei sjuk.

Eg klarte heldigvis å legge på meg så pass at eg klarte å prestere tre gode år på rad (3 NM gull, 2 Nordisk gull og deltaking i EM på 1500meter, Munchen). Men det var samstundes ei kunstig vekt. Eg heldt fortsatt på kontrollen. Balanserte på knivsegga. Det skulle «betale» seg til slutt.

Poenget mitt med dette innlegget er mine tankar rundt kroppspress i toppidretten. Det er ikkje til å legge skjul på at dette er eit stort tema, og eit vanskeleg tema. Det handlar om press som ein legg på seg sjølv, press frå omgjevnadane, forventningar frå alle mulege hald, og til slutt endar dette opp med handlingar som resultat av vonde tankar om seg sjølv og eigen kropp. Er eg ikkje god nok? Kva må eg gjere? Jo, slanke meg og på same tid auke treninga…..Det er ein dårleg kombinasjon, og kan få fatale følgjer

Frisk nok til gull,- men på ein knivsegg…
Etter endt friidrettskarriere gjekk det heilt skeis…..i mange år…

Vi er alle bygd ulikt. Nokre har ein røffare muskulatur som er eksplosiv og sterk, medan andre har ein lettare og seigare muskulatur. Slik er vi laga. Det er individuelt. Utfordringa startar viss ein begynner å «kødde» med det ein er fødde med. Ein tek vekk det som er fordelen. Det som kan gjere kvar enkelt best. 

Eg kallar det for kunstig vekt. Ja, når ein slankar vekk sine eigne «genar». Når ein ikkje tar i bruk dei fordelane ein faktisk er fødde med.

Det er tøft å vekse opp i dag, både som vanlege folk og som idrettsutøvar. Det er press i alle kantar. Ein skal liksom sjå slik og slik ut….men kva er poenget viss ein endar opp med å gå i mot si eiga kroppsbygning i staden for å heller utnytte den fordelen din kroppsbygning har. Bruke det for det den er verd. 

Med mitt andre barn- Erle

Eg skulle gjerne gått mange år tilbake i tid og gjort akkurat det, men eg valde å tulle med maten og miste det eg var bygd for, nemleg eksplosivitet. Ja, fleire kilo med musklar som faktisk gjorde meg til Norgesmester på 400meter. Ein distanse eg digga. Heldigvis kom eg meg så til rette att, at eg klarte tre NM gull på 800 meter. Men det er tre år som eg kallar «frisk nok til gull». Etter det gjekk det heilt skeis. Då tok den forbaska spiseforstyrrelsen overhånd, og eg blei ein skugge av meg sjølv.

I dag- fleire år etter + to barn utnyttar eg den fordelen eg har av gener. Eg kan i ein alder av 40 år løpe sprint og kjenne at det faktisk går ganske så «radig for seg», og eg kan auke vektene i markløft etc. så lenge eg held treninga nokolunde ved like. Eg brukar det eg er «laga for», og kjenner at det er heilt rett. Den kunstige vekta er ikkje lenger eit faktum.

Springerinneklem

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s