Om livet som journalist: Utfordringar, utvikling, ansvar og relasjonar

Eg har jobba som journalist sidan 2004. Det begynner å bli nokre år med notatblokka, bak fotoapparatet og tastaturet, mange samtalar i telefon, mail att og fram, fleire turar i bil og fly. Ikkje på langt nær så mange som andre eg kjenner i same bransje, men åra har no gått og det same har kjennskapen til yrket. Og etter 15 år kan eg sei at eg ikkje har angra ein dag på valet.

Dei siste fem åra har eg jobba som sjølvstendig næringsdrivande journalist, altså gjennom mitt eige føretak. Det skjedde då eg flytta til Lillehammer, og var ukjend i byen. Men eg hadde opparbeidd meg eit bra nettverk, og tok sjansen på å starte for meg sjølv. Ikkje det enklaste i byrjinga, men det balla fort på seg med oppdrag og i dag kan eg vel ikkje sei meir enn at eg har klart å finne draumejobbane: Ansvarleg redaktør for to sportsmagasin og treningsjournalist for Dagbladet.

Slik leverer eg ei sak: I word dokument, men må alltid ha eit bilde i hovudet om korleis sluttresultatet ser ut grafisk…
Slik blei dei to første sidene av word dokumentet oppe til slutt….

Journalistbransjen er tøff. Det er mange om beinet, og jobbane der ute i dag krev at du er dyktig på mange fleire plattformer enn det eg lærte som student på si tid. Det er ikkje nok å berre kunne skrive og ta bilete; no kjem du mykje lenger ved å kunne filme, bruke sosiale mediar for det det er verd med meir. Du bør også kunne dekke fleire sjangrar, og sjølvsagt må du være utadvent, villig til å lære nye ting og aller helst klare å ta mest mogleg på sparket.

Tenkte eg skulle skrive litt om min arbeidskvardag og korleis det er å jobbe som redaktør for to magasin gjennom Media Digital AS. SKIsport har 6 utgåver per år. Sidetalet per utgåve er 84. Friidrett, som er det andre magasinet har 4 utgåver og 54 sider per blad. Det betyr at eg har ansvaret for 10 utgåver med til saman 728 sider. I tillegg skal det oppdaterast på nettet. 

I eit magasin er annonser ein viktig del med tanke på økonomien til bladet, så alle sidene eg no har talt opp gjeld også annonser som eigne seljarar har ansvaret for.

Og akkurat dette med annonser var noko nytt då eg for første gong fekk ei redaktør rolle. Den gong i Magasinet Birken. Dette var januar 2008, og eg fekk ansvar for 8 utgåver i året der det på det meste låg på godt over 1000 sider per år. Då gjekk annonsesalet som ein vind, men eg blei ganske så paff då eg skulle setje meg inn i salg og den verda. Det tok ei stund før eg skjønte greia, for eg trudde jo berre at eg skulle intervjue og skrive. Den gang ei;- eg måtte sette av plass til x-antal annonser, og det var viktig at eg fekk kjennskap til dei ulike annonsørane. Heldigvis møtte eg gode kollegaer på den tida som hadde jobba i bransjen lenge, og gjorde meg etterkvart trygg på arbeidsoppgåvene.

Siste utgåve av Friidrett. Lykke til i VM Karsten og alle dokke andre flotte friidrettsutøvarar. Les meir HER frå VM som startar i morgon.

Å være redaktør for eit magasin betyr ikkje at du skal, eller kan skrive eit heilt blad åleine. Det blir for det første umogleg å rekke over, og magasinet vil bli prega av ein einaste «penn». Du vil heller aldri klare å få med mangfaldet på eiga hand. Difor er det å finne gode skribentar som kan dekke ulike saker viktig. Dette var også nytt for meg i starten, men etterkvart som tida gjekk opparbeida eg meg fleire og fleire dyktige menneske som brann for å skrive og ikkje minst var interesserte i idrett og trening. Eg kan med handa på hjertet seie at eg aldri hadde klart å levere magasin på magasin utan hjelp. Så takk til dokke kjære skribentar som er trufaste til SKIsport og Friidrett.

Ein anna viktig del av det å ha ansvaret er å halde ein god og tett dialog med desken, altså dei som lagar sidene heilt ferdig ( grafisk). Eg leverer sakene i word dokument med bilete og tilhøyrande tekst, så det ser alltid annleis ut når dei er ferdiglaga. Eg har aldri prøvd meg som grafikar, men har sjølvsagt tankar rundt det eg ynskjer skal visast/ kome fram. Og eg synes det alltid er like spennande å sjå korleis dei har løyst materiellet eg har levert frå meg. 

Å være journalist er ikkje berre glamour då du møter forskjellige situasjonar og menneske der ute. Og det er litt viktig å tenkje på for deg som ynskjer å «vie arbeidslivet» ditt til denne bransjen. Du kan møte dei hyggelegaste menneska, men også dei som er «langt nede», som ikkje ynskjer at nokon står og masar på deg, og dei som takkar nei utan å seie kvifor. Å være journalist krev mange fleire eigenskapar enn å berre kunne skrive, ta bilder, filme, informere osv. Det krev god kommunikasjonsevne, audmjukheit, evna til å lytte og ikkje minst være førebudd på det du skal dekke.


Lykke til. Eg angrar ikkje ein dag på valet av yrke.

Springerinneklem

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s