Er i gang…

Etter 1 år med lite trening ( samanlikna med før) har eg no endeleg fått tilbake motivasjonen. Og den kjende eg kom på sjukehuset etter fem dagar i total ro i slutten av august. Det kribla i kroppen då eg blei skriven ut, og så snart eg fekk lov sette eg i gang.

Når eg ikkje er utandørs, trenar eg HER og stortrivast. Treningsstudio på Spenst Arena er stort, opent, har 50-60 meters løpebane med tartan, stort crossfit område, woodway tredemøller, Padel og sjølvsagt vekter og apparat i alle endar. Det eg kanskje likar best, og som eg trur kjem til å bli ein del brukt i vinter er tartandekket. Fin måte å halde ved like steget på når snøen ligg tettpakka utandørs ( og det blir nok ikkje så altfor lenge til).

Litt av studioet. Her køyrte venninna mi og eg Tabata.

Å begynne nesten på scratch igjen er aldri morsomt, men klarar ein å halde fram med jamn trening 3-4 gongar i veka kjem det seg raskt. Eg merkar berre forskjell på to veker. Har så smått starta med intervall, og eg må innrømme at det er passe travelt, men etter mi meining er det den beste «medisinen» for å kome seg raskare i form. I dag køyrde eg fleire to minuttarar, med 45 s aktiv pause. Etterpå blei det styrketrening. I tillegg brukar eg å køyre 5-6 x 60 meter sprint drag, og vil nok auke antallet etterkvart.

Målet er ikkje å springe 5 km under 20 minutt, ei heller løfte 70 kilo i benken, men eg ynskjer å bli så pass i form at eg kan gå lange fine turar på ski i vinter utan å bli kvelt av dårleg kondis, og kunne løpe lengre turar utan å måtte gå i alle bakkane. Berre det å kjenne at formen er stigande, og trivselen med seg sjølv deretter.

Har funne skoa eg diggar. Hoka Rincon heiter dei.
Demping 26/21/5mm dropp. Vekt 179g. Les meir HER

Så til alle dokke som er litt keie om dagen, og ikkje kjem dokke på trening. Start forsiktig. Ikkje «gønn» på med lange harde økter i starten. Kjenn på gleda med å kome seg i aktivitet, og tren gjerne med ei venninne/kamerat/partner. Alt er betre enn ingenting.

Springerinneklem

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s