Eg hugsar…

For ganske så nøyaktig 9 år sidan fekk eg behandling for spiseforstyrrelser. Eg kom til ei dame som gjekk «rett heim» i hjertet og sinnet mitt, og etter den dagen snudde livet seg til det betre. Mykje betre.

Eg hugsar eit spørsmål eg fekk ganske så tidleg, og som eg sjølvsagt hadde vore innpå med tanken, men som eg også slo i frå meg, – var dette med barn. Det å bli mamma. Eg visste ikkje heilt kva eg skulle svare, for på det tidspunktet var det umulig å bli nettopp det. Mensen hadde vore borte i over 10 år, og på det tidspunktet var det lite håp om å få den tilbake. Eg svarte at dette er vel ikkje det eg tenkjer mest på akkurat no, men på same tid gnager det inst inne.

Så gjekk tida, og vi prata ikkje så mykje meir om denne situasjonen. Eg fulgte planen vi la opp saman, og blei med tida betre og betre.

Så skjedde det som eg både frykta, men som eg også ville oppnå;-at mensen kom tilbake. Det var tøft mentalt messig, men på andre sida var eg klar for det. Etter at dette skjedde endra mykje seg hormonelt, og eg blei meir og meir klar over at eg var over dei 3o og ikkje ville leve eit liv utan barn. Det skulle likevel ta nokre år før det underet gjekk i oppfylling.

Eg var 35 år då Noah kom, og 37 når Erle kom, og eg kan ikkje sei noko anna enn at det er det STØRSTE som har skjedd nokon gong. Gode resultat på løpebana, gode jobbar og ellers fine livsopplevingar kjem i skuggen av det å bli mamma. Det er det mest vanvittige som finnast. Å sjå at to småtroll som liknar på deg sjølv (på godt og vondt) er ikkje til å kunne skildre godt nok.

No er mine to augesteinar blitt snart 3 år (24/12) og 5 år (18/10), og eg kan vel ikkje sei anna enn at desse åra har gått steinfort. Sjølvsagt er det ikkje kvar dag som er like enkel når begge snur vrangsida til, men mesteparten av tida er det fantastisk å være mamma. No er det fire dagar sidan eg såg dei, og sjølv om eg veit at dei har det supert med pappa og halvsøsken, saknar eg dei skikkeleg. Eg lyt difor reise litt tidlegare for å hente dei heim i dag:)

Helsing ei som er evig takknemlig for å være mamma.

Springerinneklem

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s