Ein draum eg ynskjer å friste dokke med…

Hausten er tilbake. Synes ikkje det er lenge sidan sist han var her…Skulle gjerne hatt sommaren litt til ja.. Men, på andre sida av jordkloda, med berre 1 time tidsforskjell frå Norge begynner sommaren for fullt i november og varar til ut mars. Ja, eg snakkar om staden i mitt hjerte, Western Cape, Sør Afrika.

Stellenbosch distriktet og omegn er spesialistar på gode vinar, og vingårdane er storslåtte.

Eg har skrive om dette reisemålet før, men sidan den gamle bloggen min er lagt ned har også innlegga forsvunne. Og i tillegg må eg innrømme at eg ikkje kan få skrive nok om denne vakre staden.

Stellenbosch ligg ca. 45 minutt med bil frå Cape Town. Det er ein passe liten/stor og koseleg by som ligg midt i det beste vindistriktet, som husar fleire tusen studentar, mange idrettsutøvarar og turistar som er glade i god mat, vin, natur og ei avslappa atmosfære.

Mitt fyrste møte var i samband med treningsleir for snart 20 år sidan. Eg var superspent i fleire veker før avreise. Aldri hadde eg flydd så langt av gårde, og Afrika var heilt ukjent på det tidspunktet. Vi bestilte leilighet midt i sentrum med kort veg til friidrettsstadion, løpestiar, basseng og styrkerom. Som student ved sidan av løpinga var ikkje kontoen stappa av peng, så vi budde spartansk, men heilt greitt for vårt behov. Det einaste eg kunne vore foruten var kakkerlakkane som fann vegen overalt. Fysj…:)

Fine grusveger å løpe på. Her blei det køyrt ein del bakkeintervall.

Den første treningsleiren som forøvrig vara i 3 veker blei svært vellykka ( tok NM gull den sommaren), så vi bestemte oss for å reise den komande vinteren også (som enda med NM gull nummer 3). Etter nokre år la eg opp friidrettskarriera, men ikkje Sør Afrika som reisemål. Det har blitt totalt 8 turar til saman, der mine foreldre faktisk har vore med ein gong. Dei likte seg svært godt, sjølv om dei synes flyturen var i det lengste laget.

Mange er litt skeptiske til å reise til Sør Afrika, då dei trur det er kriminelt over alt. Det er det overhode ikkje, men du treng heller ikkje bevege deg i dei distrikta / områda kor det er fattigdom og usikkerheit. Viss du helde deg der turistar bør halde seg kan du legge vekk skepsisen ein gong for alle.

Mange syklister samlar seg i Western Cape. Her syklar venninna mi, Jennie Stenerhag frå Falun. Ho vann forøvrig Birken i år. Ho flytta til Stellenbosch for fleire år sidan.
Med utsikt til Cape Town fra Robben Island.
Cape Town

Eg har nokre tips til dokke som kanskje kjenner på ei dragning til dette vakre landet.
–Flyturen ville eg tatt på natta. Dvs. reise frå Norge på sein ettermiddag, så mellomlander du og tek nattfly direkte frå mellomlandinga og landar i Cape Town på føremiddagen dagen etter. Det tek ca. 12 timar frå London/Amsterdam/Frankfurt.
–Bestill hotell i god tid, då dette er høgsesong. Legg ved nokre tips lenger nede.Min favoritt er River Manor Boutique Hotel. Men dette er også svært bra.
Leig ein guide ein av dei første dagane for å få ein grov oversikt over området. Spør etter Daniel. Han er fantastisk flink og svært service minded.
–Leig bil, og husk at det er venstrekøyring. Dette kan gjerast i Stellenbosch.
–Turar eg anbefaler er: Kapp Det Gode Håp, Table Mountain, Lions Head, forskjellige vingårdar, vinbyen Franschoek, safari i Botlierskop Private Game Reserve, Robben Island og Route 62 med innlagt besøk/overnatting hos den norske vingården Rosendal.

Vinmarker så langt du ser…
Mmmm, nydelege ostar med tilbehør
Utsikt til tabel Mountain tatt på Lions Head.

Send meg gjerne ein mail viss dokke lurar på meir: kriroset@gmail.com

Springerinneklem som lengtar tilbake

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s