Sommarkroppen

Sommaren er snart over- dessverre,- men ikkje for alle. For min eigen del skal eg endeleg på ferie. På fredag morgon reiser vi til Kypros. Vi fall pladask for øya i fjor og har no begynt å pakke for ein ny tur. Eg gler meg veldig til ei veke med sol og sommar, og ferie frå tastaturet.

Vakker skue

Men så høyrer eg på radioen i dag at det er svært mange unge som gruar seg til å ta av seg t- skjorta eller gå i bikini på stranda. Ekspertar meiner sosiale mediar har stor påverknad her. Det er eg einig i. Vi veit jo alle kva vi finn der. Halvnakne kroppar som ser trena ut. Ja, som vil vise seg fram.

Eg er snart 40 år og innrømmer etter ei tøff tid med spiseforstyrrelsar for ein del år sidan at det sit i ryggmargen ennå: Å sprade rundt i bikini og ikkje tenkje på at magen er mindre flat enn tidlegare. Eg kan ikkje sei at eg storgler meg til det, men så kan ein heller ikkje sole seg i full outfit. Ein ting at det ser dumt ut, men du blir jo overoppheta i 35 varmegrader og kjem heim like bleik som før du reiste. 

Det er svært synd at så mange unge kvir seg til å vise kroppen sin, men det er eigentleg ikkje så rart slik som dagens samfunn har blitt. Det er kropp overalt. Eg er sjeleglad for den «erfaringa» eg har, og at eg har blitt både mamma og ikkje minst eldre. Eg klarar å «drite» i dei dumme tankane om eigen skrott. Iallfall handlingsmessig. Tankane får no heller berre dukke opp, men dei skal derimot ikkje bestemme.

Min kjære og eg

Som eg har skrive før så har ikkje treninga fått 1 prioritet som før. Familie og jobb har fått den, så sjølvsagt føler eg meg ikkje i tipp topp form når eg skal entre stranda. Men kven bryr seg om det? Kun meg sjølv. På strendene finst det så mange forskjellige kroppsfasongar. Og kven er så interessert i å glane på andre? Svært få. Sånn er det berre.

Vi reiser som sagt fredag og skal bu ganske nær der vi budde i fjor. Det er meldt strålande sol, og heite grader. Det kjem til å bli masse god mat, avslapping, bading og gode samtalar. Vi bestilte ferien tidleg i vår, og har gleda oss i fleire månadar. 

I fjor

Skal ta masse bilder, og kanskje kan eg friste dokke som ikkje har vore der før.  

Springerinneklem

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s