Mellom øktene…

Nei, ikkje treningsøktene (dessverre), men mellom arbeidsøktene. Når eg har levert 2 Magasin på same tid, har eg alltid litt tid til overs til å skrive nokre innlegg. Akkurat no har eg levert ett magasin ( Friidrett), og er i full gang med neste (SKIsport). Når dagen då er omme, kjenner eg at fingrane har fått nok av tastaturet.

Bislett Games var ein fantastisk kveld. Var sjølvsagt tilstades.


Vel, nok om det. Det er ferie for mange av dokke no, også litt for meg. Tek med barna heim til Vestlandet neste veke. Det er skammende 1 år sidan dei var der sist, men heldigvis har vi hatt ein del besøk av familie i mellomtida. Ellers blir det jobb fram til ei veke på Kypros like før skulestart. Vi fall pladask for den plassen i fjor, så det må gjentakast. Reknar med sola er meir aktiv der enn her til lands.

Dagane går elles sin vante gang her på Lillehammer. Det er full fart med barn, hus og heim og jobb. Barna vekse i rekordfart, og har begynt å bli nokre bestemte småtroll. Ikkje alltid like lett for ho mor å henge med i trådene, men eg har ein flink stefar som stiller opp når det trengs.

Styrke med Karoline i dag:)

Med treninga går det så som så, men prøver no litt innimellom slaga. Litt løping og styrke. Er svært glad for å ha ei venninne eg trenar styrke med. Det er til stor hjelp når gutsen ikkje er heilt til stades. Men det er så godt etterpå når vi har gjennomført økta saman. Takk Karoline!

Kidsa mine begynner å bli store:) Og svært glade i is….

Dette var litt herifrå. Det kjem meir i sommar når feriemoduset er litt meir aktivt.

P.S Skriv gjerne om noko de vil lese om.

Springerinneklem

Ein tanke på “Mellom øktene…

  1. Det eg kan tenke meg å lese er noko klokt om totalbelastning, mtp trening, jobb og familie.
    Eg har vorte ganske glad i løping, men for meg set
    resten av livet ganske klare grenser for kor store ambisjonar eg kan ha for springinga. Mange får til imponerande mykje, men mange tøyer også strikken for langt. Vi er jo ikkje idrettsutøvarar der resten av livet er lagt til rette. Dette har eg lyst til å lese om. (For det er etter mitt syn nesten koko å forvente å kunne prestere sportsleg i kombinasjon med jobb og småbarnsliv!)

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s