Tre springeøkter som eg anbefaler

Eg kan ikkje sei at eg har vore så flinke til å springe siste halve året, men kjem meg no ut av og til. Uansett, så har eg sprunge fleirfoldige mil sidan eg var ungdom. Og har etter kvart funne ut kva slags springeøkter som fungerar for å bli betre. Og då tenkjer eg først og fremst på uthaldenheita, og det å tåle høg fart over lengre tid.

Springe du tre gongar i veka, der øktene er av god kvalitet kan eg love at du vil kjenne framgang. Desse tre øktene kan eg anbefale, men det finnast sjølvsagt utallige andre variantar.

Økt 1: Bakkeintervall:
Varm opp i 10 minutt.
Bakkeintervall: 5 x 3 min i slak motbakke enten på tredemølle eller ute, med 1,5 min lett gange/jogg som pause. Farten på draga skal være jamn, og like over den anaerobe
terskelen, altså ei belastning der du pustar tungt og kjenner litt stivhet siste
halvminuttet av intervallane. Nedjogg: 5-10 minutt.
Kommentar: Når du spring i bakke aukar pulsen raskt. Pass på at du ikkje stivnar for mykje, men litt på slutten gjer ingenting.

Økt 2: Progressiv økt
Start roleg første 5 minutta. Deretter aukar du farten litt etter litt til du har sprunge totalt 30-40 minutt. På slutten skal du være sliten. Nedjogg: 5-10 min.
Kommentar: Dette er ei økt som kan svi litt, men den er svært effektiv for kondisjonen og stayerevna.

Økt 3: Langtur dar du avsluttar med stigningsløp
Roleg langtur frå 1 time og meir ( alt etter nivå). Avslutt med 5 x 80-100meter stigningsløp / hurtigheitsdrag der du startar i moderat tempo og aukar opp til sprintfart. Kommentar: Å springe stigningsløp er ein flott måte å avslutte det monotome tempoet som ein langtur ofte gjev, og dei kortfibra musklane blir utfordra.

Lykke til:)
Springerinneklem

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s