Når folk spør om vektnedgang

Ja, eg har vore spiseforstyrra, men det er snart 10 år sidan eg hadde vonde tankar rundt det å gå ned i vekt. Og det var ein sjukdom som gjorde meg slik. 10 år etter- er ikkje livet mitt på denne måten lengre. I dag et eg akkurat det eg vil.

Eg likar ikkje å få forespørslar rundt det å få ein fasit på å gå ned i vekt. Eg blir rett og slett lei meg når eg får mailar frå menneske som ynskjer tips til dette. Det er ikkje «innafor» i mitt liv. Og spesielt ikkje når dei som skriv er unge menneske…..Då tenkjer eg; –Kva har eg gjort for å få vedkomande til å spørje om noko slikt….Eg har heile vegen prøvd å forebygge slike tankar.

Det siste eg vil er å dele min gamle sjuke kvardag. Det har ingen godt av å lese, og eg kjem heller aldri til å fortelje det då det vil være med på å øydelegge helsa til vedkomande.  Ja for; det heldt på å øydelegge mi.

Er du interessert i å gå ned i vekt, så oppsøk nokon som kan dette. Om det er fastlegen eller nokon andre…Eg vil aldri kunne oppfordre til slanking eller vektnedgang. Det ligg langt utanfor mi komfortsone. Men viss du vil ha råd om trening ( på ein sunn måte) er det sjølvsagt noko anna. Der kan eg hjelpe, men vær så snill å ikkje spør meg om slanking. Då har du møtt feil person.

Springerinneklem

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s