Ein favorittplass for ein aktiv sommarferie

Eg har vore på utallige treningsleirar då eg satsa for fullt, men nokre av dei er likevel heilt fantastiske å oppleve om det berre er ein ferie. Denne plassen anbefaler eg for deg som elskar havet, strand, god temperatur, nydeleg sjømat og treningsmoglegheiter for deg som ynskjer det.

Vakkert…
Nyt utsikta

Portugal er landet, ankomsten er Faro heilt sør på Algarvekysten og hotellet er Alfamar, ca. 20 minutt frå flyplassen.

Mi første oppleving med Algarve var som 16 åring. Det var ein treningsleir der vi budde i leiligheiter like ved hotellet, stranda, friidrettsbana, styrkerommet og utallige grusvegar å springe på. Eg fall pladask, og for to år sidan tok eg med mor og veslejenta Erle på ferie. Ein ferie med avslapping, god mat og sjølvsagt litt trening. Eg kunne ikkje la være å vekke opp gamle gode minner etter fleire år på treningsleir i akkurat same området.

Fin utsikt, men høgt ned frå klippene….

Hotell Alfamar er ikkje av det nyaste. Det er litt slitt, men fy flate kor flott det ligg til og det serverast nydeleg mat. Og blir du lei av halv pensjon, er det berre å ta ein taxi til eit anna hotell eller restaurant som serverar noko anna.

Hotell Alfamar i bakgrunnen.
Her var Erle berre ei lita jente….

Algarvekysten er vanvittig flott. Det er raude klippar og nydelege strender. Og berre 4,5 time med fly frå Gardermoen. Eg har opplevd staden i mars, april og juni. Sistnemde bydde på best temperatur. Og sikker enno betre i juli og august.

Atlanterhavet kan være kaldt…, men på sommaren er det slett ikkje verst.

Nydeleg sjømat:)
Vil du løpe på bana treng du berre rusle 5 minutt frå hotellet……
Tuppen av Portugal…

Eg anbefaler verkeleg denne plassen viss du vil ha ein aktiv ferie.

Springerinneklem

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s