Om tittelen slanking hos toppidrettsutøvarar!

I går opna du sesongen forrykande. Det lukta nesten svidd etter deg. Og det allereie i slutten av mai månad. Ei tid på sesongen som ikkje alltid er like lett å sjå føre seg. Ein treng som regel nokre løp innabords før forma kjem.

Foto: Kristin Roset

Men det er ikkje berre fordi du Karsten Warholm springe fort at du er ein helt. Det er personen deg som toppar kaka. Og gjer deg nettopp så populær. 

Eg veit at journalistar kan være litt tricky av og til. Vi kan stille spørsmål som ikkje akkurat felle i god jord, eller som er vinkla på kanten til det usportslege. Eg har treft deg på Sandane på hytta, men mine spørsmål var nok ikkje av den verste sorten. Vi hadde iallfall ei kjekk stund der eg fekk helse på familien din. Og du var akkurat så hyggeleg og jordnær som eg såg føre meg.

MEN her ein dag lot eg meg provosere – ikkje av deg, men av ein journalist som likar å vinkle sakene av og til på grensa etter mi meining. Og då tenkjer eg på fokuset om slanking, som vedkomande brukte som tittel i TV-innslaget forrige veke. Ei vinkling som etter mi meining ikkje høyre heime i dagens allereie kraftige kroppsfokus. MEN du svarte utruleg godt for deg, og rodde det heile vekk på ein kjempe flott måte.

– Men tidene viser, både på trening og i vinter, at det har vært framgang. Det er ikke kun på grunn av vekten. Jeg har funnet en fin balanse, så det er sunt. Det er mange måter å gå ned i vekt på, men jeg har heldigvis gjort det på en sunn måte som gjør at muskelmassen fremdeles er der og at det er en lettere og mer smidig versjon av meg selv.
(Kilde: TV2)

Dette viser ein gjennomtenkt og erfaren ung utøvar – som er eit enormt stort førebilete for andre unge lovande som vil bli like god som deg.

Kva skal vi ha i dag? Foto: Kristin Roset

Men kva viss denne saken om slanking og vekt handla om ei friidrettsjente. Korleis ville det bli teke imot blant det norske publikum? Det trur eg ville vore å gå langt over streken, men på same tid burde det ikkje være noko skilnad mellom ein mann og ei dame. Det finnast mange gutar der ute som lar seg påverke av slike vinklingar. Mange fleire enn vi trur. 

Kva meiner dokke?

Springerinneklem

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s