Når du inst inne vil, – men får det ikkje til!

Å slite med ei alvorleg psykisk liding går utover det meste i kvardagen. Ja, frå då du står opp, til du legg deg, og kanskje når du vaknar midt på natta- sveitt og ukomfortabel, på grunn av alt som svive i «topploket».

Det er godt å være «fri». Her frå i fjor sommar i Stryn.

Det å ha ein omgangskrets er svært viktig for oss alle. Nokre synes det er heilt greitt med få rundt seg, medan andre helst vil ha mange fleire. Det viktigaste likevel er å ha nære, gode vener og ein trygg base omkring seg. Vener som ein kan stole på og ringe – ja om det berre er for å dele gode samtalar eller få nokre gode råd på vegen i livet, eller rett og slett stikke ut på kino eller ein kafetur med.

Men for ein som slit med spiseforstyrringar, eller andre psykiske lidingar er det ikkje like lett å ta kontakt. Det er kanskje den største utfordringa utanom sjølve tanken på det vonde inni seg. Det å rett og slett bevege seg utanfor døra, og gå ut av komfortsona. Tørre å gje slepp på rutinar og reglar. Det er ei enorm utfordring for svært mange, iallfall var det slik for meg i altfor mange år. Eg var kjemperedd for å bli servert mat, kjemperedd for å bli konfrontert med utsjånaden, få kommentarar som trigga spiseforstyrringa enno meir og ikkje minst kjemperedd for å gå glipp av dei «trygge» rutinane mine. Kva om eg ikkje fekk trena på det rette tidspunktet, kva om eg kom for seint heim til det trygge måltidet…tusen tankar kunne surre i eitt banka kjør. Og dei stoppa meg i å gå i mot sjukdomen.

Å reise på tur utan løpesko er ein befrielse med tanke på alle turene eg har vore tvungen til å ta dei med. Ja det gjekk så langt at eg kun torte å reise viss eg visste at det var treningsstudio eller gode løpemoglegheiter der eg kom. Det tenkjer eg ikkje på i dag.

Når eg møter menneske som slit på denne måten i dag er eg ganske så klar på at denne biten av livet må utfordrast. Du må rett og slett kjempe mot sjukdomen og gjere akkurat det som den ikkje vil. Det betyr ikkje å «trokke over streken» kvar dag. Det må gjerast i små steg, slik at du etterkvart oppleve at dette slett ikkje var så farleg likevel. Ein anna smart ting er å være open om det du slit med til dei du stolar aller mest på, slik at du veit at det ikkje blir matpress i alle endar og at du ikkje får ekle kommentarar som gjer alt verre. Ein spiseforstyrra er ekstremt sår på akkurat det.

Her hadde eg det IKKJE bra. Ser langt eldre ut enn alderen tilseier….og var svært usosial.

Eg brukte lang tid på å bli sosial att. Ja være med venner, tore å ete med dei, gå på kino, kafé, restaurant, fest etc. Men når det «løsna» så «løsna» det, og eg torte meir og meir. Og det beste av alt. Eg oppdaga at det slett ikkje var så skummelt som eg trudde. I dag tenkjer eg ikkje på dette i det heile tatt – heldigvis. Det hadde gjort livet frykteleg vanskeleg som mor, stemor, journalist og sambuar. Og eg kan med handa på hjertet seie at når eg mestra dette, kan alle andre også gjere det. Det er eg bombesikker på!
Lykke til!
Springerinneklem

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s