Barnas dag og den «nye familien»

Fredag den 17. var det duka for nasjonaldagen vår. Ein dag som har blitt feira sidan 1814. Den står sterkt i dei fleste sine hjarte, og aller mest dei med familie. Som vil sjå mormor, besten eller besta i tillegg til foreldre og sysken på sidelinja i toget…..Men kva visste 1814 om kva som venta i 2019….-205 år etter.

17.mai er ein dag som mange gler seg til. Men som også kan spreie stress og til tider frustrasjon. Stress for alle foreldre som skal handle inn dress, bunad, kjole, søljer og kva det skulle være for at poden og frøkena skal være komplett til klokka 08.00 denne eine historiske dagen i året. Og for å ikkje gløyme mor og far sjølv som skal kle seg opp og hugse på barnevogna, flagga, litt ekstra proviant til småttisane og peng til pølse og is, finne ein parkeringsplass, huske to-tre ekstra bleier, våtserviettar og til slutt halde smilet og energien på plass i ein sveitt bunad. 

Eg er veldig glad i heilagdagane våre, men mi erfaring med 17. mai før eg blei mamma var vel ikkje i akkurat prega av å gå i tog eller ete pølser. Eg har nemleg ikkje tal på kor mange nasjonaldagar eg har spandert på fjellet, sykkel der eg har sykla forbi x-antal 17.mai tog rundt omkring, eller på løpande fot…..

Det har blitt ein del slike 17.mai`ar, men då utan barn….

Mamma tilværet blei ein realitet for nokre år sidan….Og i tillegg har eg fått nokre flotte bonusbarn…Etter dette endra 17. mai seg kan du sei. Det var ikkje like aktuelt å hoppe på terrengsykkelen lengre, eller tre på seg sekken og gå fjelltur.

Men det er heilt i orden. Det å sjå gleda til barna på «gebursdagen vår», er aldeles nok for eit mammahjerte. Ja det er eigentleg ei 17. mai glede i seg sjølv!!

Springerinneklem

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s