Tallinn: Tek gjerne i mot tips

Det er ikkje så ofte det blir tid til å reise utanlands lenger, men av og til dukkar det opp moglegheiter. Og på fredag går reisa til Tallinn saman med mi gode venninne Gerd på 64 år. Vi blei kjende i fjor, og har sidan den gong gått turar, hatt faste lunsjdatar og kjekke samtalar. Vi skrattar og skravlar langt meir enn gjennomsnittet, så eg er redd Tallinn vil «riste». Hehe

Sist eg var i Estland er mange mange år sidan. Det var ikkje ferie for å seie det slik, men eit av mine første internasjonale løp i byen Tartu. Hugsa eg reiste med dei «store gutta» og var ganske så nervøs for heile greia. Heldigvis gjekk det fint, og eg fekk ei god oppleving. No derimot er det ikkje nervepirrande timar før to runder på bana som venter, men jentetur, skravling, god mat, sikkert mykje trasking og ennå meir skravling.

Vi tek gjerne i mot tips til gode restaurantar, og det som elles er eit «must» å få med seg. Tippar nokre av dokke som les dette har vore i den Estiske hovudstaden, så legg gjerne igjen ein kommentar eller to. Vi skal forøvrig bu på Radisson Sky Hotel.

Gler oss:)

Springerinneklem

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s