Når presset tek overhand

Eg kan vel ikkje seie anna enn at samfunnet sjokkerer meg meir og meir. Det byr på så forbaska mykje press i alle endar, og spesielt for dei mest sårbare; våre unge lovande som veks opp i dag.

9 år mellom bildene

Då eg sjølv var ungdom kjende eg ikkje på dette presset før eg blei 17-18 år, men i dag så kjenner barn og unge på det allereie frå dei er 10 år, ja kanskje ennå yngre utan at dei veit det sjølv.

Det er press på skulen, det er press på å ha dei rette klesmerka, det er press på korleis du skal sjå ut, det er press på kor mykje du trenar, det er press på kva kosthald du har, det er press på kva du likar å gjere på fritida…Ja det er press i alle retningar. Og alt er blitt så synleg…..så veldig synleg.

Ungdomen i dag ( og vi vaksne er ikkje noko betre) sluker Instagram innlegg, Facebook oppdateringar, snapbilder, og gud veit kva. Det er så tilgjengeleg frå du står opp om morgonen, til du legg deg om kvelden. Det skal mykje til for ei sårbar jente eller gutt i ung alder til å stå i mot alt dette. Alt det dei sosiale mediane formidlar.

Ja, eg er der sjølv- på Insta, snap og Face, men ein ting passar eg på. Eg legg aldri ut poseringer, flatterende bilder etc. Det får være måte på (og ikkje det at eg vil det heller). For kven ser desse type innlegg? Jo, dei unge som vekse opp, som skal få god sjølvtillit, stole på sin eigen identitet og være seg sjølv. Ikkje bry seg om korleis andre ser ut eller lever sitt liv (som mange gjer på ekstremt vis). Eg gjer jo ikkje det i dag, men eg har gjort det: Levd ekstremt, slukt alt som har med bilder og skrivne ord å gjere på internett. Det var med på å gjere meg ordentlig sjuk, og det heldt på å gå alvorleg gale.

Til dokke som publiserer halvnakne bilder, perfekte utrykk, et tilsynelatande perfekt liv etc. Gå inn i dokke sjølv, og vit at det som kjem ut ikkje nødvendigvis blir teke positivt i mot helsemessig. Eg kan forstå at ein 16 åring ikkje forstår eller har opplevd det same som ei på snart på 40, men det går an å bruke hovudet likevel.

Nokre måndagsord frå ei dame som er drittlei av å sjå flatterende bilder overalt, i tillegg til at alt ser så forbaska bra ut. Slik er det ikkje i verkelegheita. Det er sjukt mange som slit der ute, og då hjelper det lite å få servert glattpolerte menneske frå morgon til kveld.

Springerinneklem

2 tankar på “Når presset tek overhand

  1. Denne skal du ha takk og tommel opp for 😀
    Eg er mamma til to tenåringsjenter og sjøl i ein alder der ein fort kan bli misfornøgd med at ikkje alt på kroppen er som før 😬, og desse to tinga får meg til å reflektere litt ekstra over ein del av bloggane eg og døtrene mine les.
    Og det som skurrer mest for meg er dei tilsynelatande sunne førebilda, som skriv så fornuftig om trening, mat og sjølvaksept, men i tillegg fyller bloggane sine med bilde som har eit kroppsfokus som eg syns er heilt ut av proporsjonar! Vel og bra at dei klarer å kome dit at dei ser slik ut, men denne gamle dama på snart 50 år, veit at for dei aller fleste av oss vil det kreve ein for stor innsats når det gjeld mat, trening og posering om vi skal klare å sjå slik ut. Det er ikkje verdt det!! Men, det veit ikkje tenåringane mine!

    Likt av 1 person

    1. Eg er så enig. Og eg blir forb. kvar gong eg les og ser bilder der folk er halveis avkledde og skal vise seg fram. Det kan godt hende dei et sunt osv, men kvifor drive å vise så mykje kropp. For å få merksemd? Ja eg trur det, og det er ikkje bra i forhold til våre unge lovande som veks opp…..

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s