Når du kjenner at trening er ferskvare

I fjor på same tid sette eg etapperekord på etappen eg sprang på Holmenkollstafetten. For å være 38 år syntes eg dette var stor stas, og trudde det eigentleg ikkje. Men grunnlaget var veldig bra, og eg kjende meg i god form. 

Har gått «i hi»
I dag, 1 år etter er ståa ei heilt anna. Nei, ikkje tragisk, men eg har vel nesten aldri følt meg så håplaus på løpetur. Og det er ikkje nokre andre sin feil enn min eigen. Eg mista treningspiffen i fjor haust. Og ein ting har eg fått merke på kroppen; trening er ferskvare. Så til dei grader.

Før kunne eg kome meg ut på trening uansett vær og føre. Ut skulle eg. Det er difor så rart å kjenne at dette behovet har gått «i hi». Eg gruar meg til å springe fordi eg veit det er tungt, og då hoppar eg heller over treninga og satsar på at eg får motivasjonen tilbake i morgon, eller neste veke…..Jada…

I dag tidleg kom eg meg faktisk ut, men eg valde ikkje dei løypene eg elles pleier å velgje. Eg sprang og gjekk i motbakkar i skogen, der ingen såg meg. Og det var faktisk litt deileg. Ikkje føle at du må lange på der alle dei andre gjer det same. Men være for seg sjølv og puste og pese utan «publikum». Ikkje det at andre bryr seg i bunn og grunn, men av og til er det nok at du sjølv trur andre legg merke til deg.

Frå turen i dag tidleg.

Vi er alle menneske
Det er aldri moro å kjenne at forma er dårleg, og eg må innrømme at eg ikkje har kjent på den følelsen så veldig ofte. Jo når eg gjekk gravid med Erle kjente eg meg også som eit dass, men då hadde eg trass alt ei «unnskyldning». Det har eg ikkje no. «Unnskyldninga» er rett og slett latskap og lite motivasjon. Sukk…

Men vi er alle menneske tenkjer eg. Vi har vore periodar kor vi brukar meir tid på andre ting og mindre på kanskje det som var første prioritet før. Og sånn opplever eg det i dag. Eg vel heller å bruke tida på å jobbe, på familien og ikkje på å løpe i arbeidstida kvar dag eller stikke ut i middagstid klokka 1700. Joda eg kunne sikkert løpt på kvelden, men eg har aldri likt å springe etter middag. Det er pyton etter mi meining. Då vil eg heller bruke tida med middagsbordet og familien.

Andre som har opplevd det same?
Dette var kanskje ikkje eit så veldig spennande innlegg, men eg trur ikkje eg er den einaste som opplever dette. Og kanskje har eg berre godt av det – etter x-antal år med fleire kilometer i veka, både på tvang og lyst. Er det nokon «der ute» som har opplevd eller opplever det same?
Springerinneklem

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s