Reise: Ei øy eg verkeleg har falt for

Å reise er noko av det kjekkeste eg veit når arbeidsdagen, og dei kvardagslege syslane treng litt pause. I fjor blei ei spesiell øy ein favoritt i Europa. Det var difor ikkje vanskeleg å bestille seg tilbake nok ein gong til sommaren.

Flott utsikt over havet. Kypros har blitt ein favoritt.

Heilt frå eg var ungdom, og oppdaga noko utanfor Noregs grenser har lidenskapen for å reise vore på topp. Eg elskar å sjå nye stader, men på same tid;- viss eg finn ein plass kor eg verkeleg likar meg, reiser eg gjerne tilbake.

Kan det bli finare….

Før eg blei mamma gjekk reisene mykje til idrettsstadar der eg enten var på treningsleir eller på konkurranse. Og det blei ein del farting i 20 åra. Eg fekk med meg friiidrettskonkurransar i stort sett heile Europa, og ikkje minst Asia. Treningsleirane blei gjerne lagt til USA, Sør-Afrika ( kor eg har vore 8 gonger) og sjølvsagt Middelhavslanda. Og eg digga det.

Fornøgd med tilværelsen.
Litt småtrim mellom all solinga og etinga.
Sjømat er det beste eg veit, og når du ferierar på ei øy ut i Middelhavet kan du ikkje anna enn å smake på delikatessene.
Frå hotellrommet vårt i fjor. Grecian Park Hotel, litt utanfor Agia Napa.

Etter at barna kom har det blitt mykje mindre reising, naturleg nok, men det har likevel blitt nokre få utenlandsferiar med småttisane.

I år går turen til den øya eg verkeleg falt for i fjor, nemleg Kypros. Ei øy og eit land som kanskje har dei finaste fargane i havet enn noko anna i Europa. Og som Vestlandsjente er eg svært oppteken av å kunne kose meg i det våte element, og sjå dei klåre fargane.

Kypros har alt dette!

I fjor budde vi på Grecian Park Hotel, litt utanfor Agia Napa. Eit roleg og flott hotell, men kort veg til stranda. Rett nok mykje trapper å gå både ned og opp, men fin trim. Hotellet har også treningsstudio og tilbyr halvpensjon, men då må mannfolka ha langbukser….Berre til informasjon.

Klar for meir mat…:)
Nydelege fargar.

I år går turen til eit anna hotell, men berre nokre minutt med bil frå fjorårets plass. Og vi gler oss!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s