Denne staden kan eg anbefale

No bur ikkje alle på Lillehammer, men eg tippar ein del av dokke køyrer forbi ein eller anna gong, eller er innom på ulike arrangement. 

Salat med glaserte valnøtter, gorgonzola og pære.

Svolten den kjem til oss alle fleire gonger for dag, og då vil eg gjerne anbefale ein heilt ny kafe like ved Sport 1 i byn. Namnet er NO 9, og blei opna like før påske. Her vert det servert lette, sunne lunsjrettar, store smørbrød og lekre kaker. I tillegg er det ein liten butikk kor du kan kjøpe kaffi etc.

Eg testa ut lunsjen førre veke, og det første eg la merke til var at lokalet var stappa fullt. Eg fann meg likevel ein koseleg plass ved vindauget kor eg kunne kike på «livet» utanfor.

Deilig meny. I tillegg er dei svært gode på kaffe.

Retten eg bestemte meg for var «Salat med italiensk gorgonzola, glaserte valnøtter og pære». Eg visste denne kombinasjonen var god, og blei ikkje skuffa. Den smakte nydeleg. På neste besøk kjem eg til å prøve ei anbefaling eg også fekk av dei tilsette, nemleg «Asiatisk nudelsalat med kylling og mango». Mmmm….

Så rumlar magen din i Lillehammer området, bør du stikke innom denne koselege kafeen.

Dette var dagens vesle mat anbefaling. Bon apetit!

Sjefen Monika Rosenvinge.

Adressa er: Jernbanegata 9, 2609 Lillehammer

Opningstider: 0900-1700

Facebook: https://www.facebook.com/pages/category/Restaurant/No-9-kafé-butikk-174733305894210/

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s